Tung dag på jobb

Florø stakk av med sigeren i fylkeskampen

Det vart 2-3 og tap mot Florø i dagens kamp på Fosshaugane Campus.

Våre gutar kom best i gang då Sigurd Haugen sendte kvitskjortene i leiinga etter 10 minutt av første omgang.

Florø gav svar på tiltale, og utlikna ved Runar Hove etter corner då uret viste 29 minutt. Same mann sendte gjestene i leiinga etter kvilen, nok ein gong etter corner der han på ny fekk stanga inn sin andre for dagen. Uret viste då 52 spelte minutt, og berre ti minutt seinare auka Alioune Ndour til 1-3 etter ny dødball. Eirik Schulze sørga for eit trøystemål på tampen av kampen.




Les om kampen i Sogn Avis



Me snakka med ein svært skuffa kaptein etter kampslutt.

Les om kampen på NRK sine nettsider



Trenar Eirik Bakke om kampen.

No er det ny samling i botn. Me kjem tilbake, også etter dette. Neste gong me har sjansen til å reise kjerringa er om ni dagar. Då kjem Mjøndalen på besøk til oss.

S

Annonse fra Obos-ligaen: