Ulrik kjem heim!

Flo blir å sjå i kvitedrakta

Sogndal Fotball og Ulrik Flo (f. 6/10 1988)  er samde om ein kontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2018. Ulrik har vore med oss under heile sesongoppkøyringa, og har vist at han er i godt slag.

- Me er veldig glade for å få Ulrik heim etter nokre år med spel i andre klubbar, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Ulrik er ein som vil bidra mykje i gruppa, både i kamp, på treningsfeltet og i garderoben. Me kjenner kvarandre veldig godt, han veit kva me står for og me får inn ein flotte gut med eit hjarte som bankar for Sogndal.

Trenar Eirik Bakke er glad for å få Ulrik heim.


Ulrik kom til Sogndal første gong for elleve år sidan. Starten her inne var litt trong, med sterke konkurrentar om spissplassen, og skadeproblematikk i heile 2008, men i 2009 spelte han meir og meir, og i 2010 slo han igjennom for alvor i kvitedrakta. I bortekampen mot Bryne den sommaren var han i fyr og flamme, skåra to mål og fekk ein krutsterk 10’ar på spelarbørsen i Sogn Avis. Det er det ikkje mange som har fått verken før eller seinare.

Ulrik er ein ærleg spelar som alltid gjer kva han kan for laget. I 2012 skåra han 12 mål i Tippeligaen, og målmessig var nok det hans beste sesong på toppnivå.

I 2015 vart han kjøpt av Odd. Han debuterte mot sjølvaste Dortmund på Skagerak Arena, og fekk spela ein omgang foran «den gule veggen» veka etter. Men opphaldet i Odd vart ikkje som forventa, og då sjansen baud seg i den danske superligaen for Silkeborg, reiste Flo til Danmark. Deretter gjekk turen vidare til Fredrikstad, der han spelte i to sesongar.

Då Fredrikstad rykka ned i fjor, vart Ulrik fristilt av klubben. Med nyinnkjøpt hus på Kjørnes og sambuar Kristina i full jobb på Leikanger, var Sogndal Fotball eit naturleg ønske for stryningen, og han har vore med på treningane sidan oppstarten i januar.

Me snakka med ein glad Ulrik etter dagens trening.


- Vegen frem mot kontrakt var ikkje berre rett fram, då me samstundes har vore i en prosess der troppen skulle slankast kraftig, seier Håvard Flo.

- No når me har signert Ulrik er det fordi han har imponert oss under oppkøyringa. Han er ein endå betre utgåve av den fine guten som reiste i 2015, og me ventar at han er med og dreg lasset i lag med dei andre veteranane i gruppa, avsluttar Håvard Flo.

Me ynskjer Ulrik hjarteleg velkomen heim!

Annonse fra Obos-ligaen: