Andreas Flåten i G19 NM

Foto: Ingvild Fridtun

Ute av NM

Molde vart for sterke på Fosshaugane Campus

G19-laget til Sogndal er ute av NM etter at det vart 1-3 mot Molde i kveld. 

Første omgang var av det jamne slaget, der spelet gjekk litt fram og tilbake. Andreas Lerheim Olsen hadde ein stor sjanse mot slutten av omgangen då han avslutta frå kloss hold på eit flott innlegg av Andreas Flåten. Berre eit tigersprang frå keeper hindra at heimelaget tok leiinga.

Utover i 2. omgang såg ein at Molde hadde hakket meir kontroll, og det var ikkje ufortent at dei gjekk opp i leiinga etter 62 minutt av kampen.

Ti minutt seinare dobla Molde leiinga ved eit kontant skot i nota. 

_MG_8030
Me hadde nokre gode sjansar i kampen

Då det var spelt i overkant av 80 minutt fekk me straffe etter ein corner. Kaptein Ulrik Fredriksen gjekk fram og banka ballen resolutt i mål, og det var ny spenning på Campus.

Det skulle berre gå nokre minutt før Molde sette spikeren i kista, 1-3 og cupeventyret var over for denne gang.

Trenar Rune Bolseth var nøgd med gutane sine, trass tapet:

- Me møtte eit av det beste juniorlaga i landet, der fleire av spelarane er på landslaget. Mange av våre er fødd i 2002, 2001 og 2000, og klarte seg likevel godt mot desse. Eg tykkjer karane skal ha masse skryt for det dei har gjort i heile NM, og det er berre éin av desse som ikkje kan vera med i same turnering neste år. Det lovar godt, sa Bolseth til Sogn Avis etter kampslutt.

_MG_7694
Andreas Lerheim Olsen jobba bra mot Molde

Annonse: