Victor til Strømmen

Skal kombinera studier og fotball

Sogndal Fotball og Victor Grodås er samde om å avslutta kontrakten, som løp ut årets sesong.

Victor reiser no heim til Ringerike for å kombinera fotball og studier. Han sluttar seg til Strømmen IF umiddelbart.

Strømmen IF får no ein solid forsterkning, og ein meget bra mann inn i gruppa. Victor kan få debuten sin på Strømmen stadion allereie til helga, då Espen Olsen sine menn har Kongsvinger heime.

- Me ville helst hatt Victor med vidare, då han er ein fantastisk gut. Skadefri er han ein veldig god fotballspelar, og han er ein kjempefin kar å ha i gruppa, seier sportsleg leiar Håvard Flo.

Me snakka med Victor etter gårsdagens trening, som var hans siste med gutane.


Grodås kom til Sogndal frå Hødd til opprykksåret 2015. Han var ein solid bidragsytar til at me stod att som vinnar av serien, og spelte 26 cup- og seriekampar dette året.

Diverre vart starten av 2016-sesongen spolert av kneskaden Victor pådrog seg under treningsleiren på Gran Canaria, men han fekk sin etterlengta debut i Eliteserien borte mot Haugesund i juli. Like etter drog han på lån ut sesongen, og fekk vera med på opprykket til Kristiansund. Også dei siste åra har Victor vore eindel ute med skade.

Tilsaman spelte Victor 46 kampar i kvitedrakta.

- Ein super kar!
Trenar Eirik Bakke ville helst hatt Victor med vidare, men han ville ikkje stå i vegen no når Victor vil reisa til Austlandet.





Etter den siste treninga med gutta, måtte Victor ut i "strafferunde" sidan han forlet oss slik midt i sesongen. Victor vil bli sakna både på bana og i garderoben.

Me takkar den veldig sympatiske guten for strålande innsats dei siste 3,5 åra, og ynskjer han lukke til vidare med fotball og studier. 

Stao pao, Victor!!

Annonse fra Obos-ligaen: