Vidare i cupen

Heimelaget kjempa heroisk, god sluttspurt sigra sigeren

Me er vidare i NM etter at sluttresultatet mellom Øystese og Sogndal vart 1-4 i Norheimsund i kveld. Hardangerlaget gjekk til pause med leiinga 1-0.

Les kampreferat på Firda Live


Det kunne lenge sjå ut som om dette var dagen då ingen ting ville inn i nota bak Øystese sin keeper. Han stengte kassa med god hjelp av eit oppofrande forsvar og metallet i råma bak seg. 4-5 gonger smalt det i stenger eller tverra.

Ulrik Flo fekk hol på byllen, då han i det 73. minuttet fekk ballen forbi keeper etter flott forarbeid av Eirik Birkelund. 

Heimelaget gav aldri opp, men me vart meir effektive, og Joachim Soltvedt fekk seg ei skåring, Flo ein gong til og tilslutt fastsatte Sigurd Haugen sluttresultatet til 1-4.

Øystese inviterte til fotballfest på Norheimsund Stadion, og dei frammøtte sørga for god stemning.

Annonse fra Obos-ligaen: