Wæhler er tilbake!

Stoggaren er med oss ut 2018

Kjetil Wæhler (f. 16/3-76) er attende i den kvite og svarte drakta. Stoggaren skal vere med å forsterke laget ut sesongen 2018.

- Me er svært nøgde med at Kjetil har sagt ja til å bli med oss ein sesong til. Han er i gong på feltet, og blir ei viktig brikke for oss både i kamp og ikje minst i treningskvardagen, serier sportsleg leiar Håvard Flo.

- Kjetil var svært viktig for oss i fjor. Med sin rutine stod han fram som eit eksempel for det unge mannskapet vårt, og han var ein viktig mentor både på og utanfor bana. Dette er ei rolle han og vil bekle i 2018, seier Håvard Flo.

Me kjem tilbake med intervju av Kjetil i løpet av kort tid

Kjetil Wæhler AalesundH 2017 Foto - Rune Sjøberg (1)
Kjetil har ein lang fartstid på fotballbana, der han står notert med ikkje mindre enn 32 A-landskampar for Norge. Han har og spelt på U21-landslaget i lag med sin nye trenar, Eirik Bakke. Han hadde sin siste opptreden på det norske landslaget i 2013.

Veteranen starta karriera si i Lyn. Sidan har han spelt for Wimbledon, Moss, Vålerenga, Aalborg, IFK Göteborg og Vålerenga igjen. Han gjorde comeback i Sogndaldrakta i 2017.

Annonse fra Obos-ligaen: