Slik fornyar du ditt sesongkort for 2022

Velkomen til Fosshaugane Campus!

Slik fornyar du sesongkortet digitalt
Dersom du har hatt sesongkort i 2021 skal du ha fått tilsendt ein e-post med ein eigen link du må benytte for fornying. 
Klikk på linken og følge dei enkle stega for å fornye sesongkortet ditt.

Har du ikkje e-post frå Ticketco?
Send ein melding til [email protected].

Byte sete?
Dersom du har funne eit ledig sete som du ynskjer å byte til, så kan du sikra deg denne plassen sjølv. Kjøp det ynskja setet direkte gjennom billettsystemet og setet er sikra. Ein treng då ikkje nytte seg av fornyingslinken tilsendt på e-post.

Dersom det ikkje er ledige seter der du ynskjer å sitte, må du først fornye sesongkortet ditt og deretter melde inn ynskje om byte av plass til [email protected].

Kjøp sesongkort til 2022 her

Annonse fra Obos-ligaen: