Samarbeidspartnar

Ingen skal jobbe hardare enn oss!

Sogndal har vore i toppen av norsk fotball i snart 50 år! Det er me veldig stolt av, og store deler av eventyret er utviklinga av unge talent over mange år

Som fotballklubb har me ei viktig rolle i verdiskapinga som skjer her i Sogn og omegn, og me vil ha med deg på laget!

Me er ein stor klubb på ein liten plass, og det skaper eit naturlig tettare band med våre partnarar enn toppklubbar i storbyane

Me er opptatt av å skape verdiskaping saman med våre partnarar, til dømes arrangere me Lerum Cup - ei turnering der Sogndal Fotball spelar på lag med naboklubbane Hafslo IL og Kaupanger IL. Fleire hundre frivillige stiller årleg opp for å gje både deltakarar og foreldre eit minne for livet.

Det er saman me blir store!

Dette og meir har og gjort at me er ei av dei sterkaste merkevarene i Vestland fylke, om ikkje i heile fotballnorge!

Sogndal fotball har lenge vært bygdas stolthet, og har siden 1976 holdt seg i de to øvre divisjonene i norsk fotball. De er opptatt av å bidra positivt til lokalsamfunnet, og å skape en inkluderende arena for alle som ønsker å drive med idrett.

— Meny Sogndal

"Visjonen vår er å skapa ein utviklingsarena for unge fotballspelarar. Me er opptekne av å samhandla med kunnskapsmiljøet og på den måten gå frå å tru til å vita. Me har vore opptekne av å tenkja større enn oss sjølv. Derfor har me også det største klatreanlegget i landet for alle aldrar, og i desse dagar utviklar me ei satsing på E-sport. Til saman har me over 1000 barn og unge som er aktive i fotballen i bygda" - Terje Teigen

Fosshaugane Campus vart offisielt opna 7. juli 2006, men på Fosshaugane har det vore stor aktivitet lenge før den tid. I dag huser Fosshaugane både fotball, idrett, utdanning og næringsliv. Arbeid på tvers av fagområder er godt innarbeida, og området held fram med å utvikle seg.

 


 

Lerum og Sogndal Fotball har samarbeida sidan 1981. Det har vore eit samarbeid som har vore tufta på gjensidig respekt og tillit. Begge ynskjer me å bidra til utvikling av det samfunnet me er ein del av. I tillegg er me begge i ein knalltøff bransje der konkurransen er stor. At vesle Sogndal har eit toppfotballag og ein stor næringsmiddelaktør i bygda, er noko me er stolte av!

— Administrerande direktør i Lerum, Trine Lerum Hjellhaug

Målet er å skape det best integrerte kunnskapsmiljøet i landet. Vere ein stad der ungdom og vaksne har lyst å samhandle og lære av kvarandre. Entreprenørskap skal vere ein kjerneverdi, og «Sogndalsmodellen» der samarbeid og fellesløft er nøkkelord for å skape utvikling for den enkelte og for fellesskapet. Fosshaugane Campus skal leve opp til kommunen sitt slagord; «Bli med på laget» og klubben sitt; «Stao no pao».

Vil du bli med oss i vårt nettverk, ta gjerne kontakt med vår «evige optimist» Terje Teigen på marknad!

Marknadsjef Terje Teigen:

Tlf: 930 37 310

E-post: [email protected]
STAO NO PAO!

 

 

Marknadsjef Terje Teigen
Marknadsjef Terje Teigen
Annonse fra Obos-ligaen:
Publisert: 11.05.2021, oppdatert: 13.09.2024
Skrive av: thomas-torjusen