Informasjon til presse

Besøkande presse? Les her.

Velkomen til Fosshaugane Campus!

Pressefasilitetar
Skrivande presse har arbeidsrom i 3. etasje midt på Sognekrafttribuna (Presserommet) og arbeidsplassar på tribuna utanfor. Både presserommet og arbeidsplass har tilgang til internett via wifi. Påloggingsinfo er på presserommet.

I presserommet er det lett servering. OBS! Det er ikkje høve til å ta med flasker ut på tribuna.

Presserom og arbeidsplassar er bemanna med personell frå Sogndal Fotball minimum 1 time før kamp og 30 minutter etter kamp. Plassane kan nyttast til anlegget vert stengt om lag 2 timar etter kamp.

Om lag 1 time før kamp vert lagoppstillingar delt ut på presserommet. Treng du anna informasjon om kampen, anlegget eller laga, ta kontakt med våre representantar.

Etter kampslutt har akkrediterte journalistar og fotografar tilgang til Mixed Zone. Her møter de representantar for begge laga og domarar. Ved spesielle ønske om intervjuobjekt kan de ta kontakt med Sogndal Fotball sin representant på Presserommet.

Mixed Zone ligg i 0. etasje ved port 3.

Pressefotografar
For info om fotosoner, ta kontakt med presseansvarleg under kampen. I samband med utmarsj kan fotografar i dialog med Sogndal Fotball sitt personell få arbeide ved spelartunnell.

For å komme mellom Presserommet og fotosone skal fotografar nytte innandørs trapper og utgang gjennom dør mellom kortside mot Sognahallen og Sognekrafttribuna i 1. etasje. Forflytning mellom dei to fotosonene skal kun skje i pausen.

 Spørsmål? Ta kontakt på [email protected]

Annonse fra Obos-ligaen: