Lagleiarmanual

Lagleiarmanualen skal vera eit hjelpemiddel for nye og eksisterande lagleiarar. Som ny lagleiar på miniputt kan det vera til god hjelp å ta kontakt med lagleiarar i eldre årsklassar for råd og tips.

Du kan laste ned lagleiarmanalen som PDF her!

På lag med samanslåtte kull, er det anbefalt at det er ein lagleiar frå kvart kull.

  1. Administrasjon av spelarane på laget.
  • Før sesongen må ein finne ut kven som vert aktive spelarar denne sesongen.
  • Spond må haldast oppdatert til ei kvar tid, slik at medlemssystemet til Sogndal Fotball er nærast mogleg korrekt.
  • Minn spelarane og deira føresette på å oppdatere personalia, e-post og mobilnummer på Spond.
  1. Koordinering av klubbinformasjon
  • I løpet av sesongen vert det sendt ut viktig informasjon frå Sogndal Fotball. Lagleiar er ansvarleg for å vidareformidle denne til rett mottakar: spelar, føresett eller trenar.
  1. Leiarkurs
  • For lagleiarar er det NFF sine Fotballeiarkurs (1-4) som er aktuelle. Ta kontakt med klubb, om du er interessert i fagleg påfyll.
  1. Sjekkliste - førebuing til sesong

Januar/februar:

  • Organiser trenar- og lagleiarmøte.
  • Samle inn kontaktinformasjon til spelarar og føresette.
  • Lagspåmelding av lag i samråd med trenarar.
  • Send ut haldningskontrakt til spelarar.
  • Send ut foreldrevettsreglar til føresette.
  • Hent inn godkjenning for bilete til sosiale media og klubbens nettsider.
  • Lagleiarmøte med NFF Sogn og Fjordane over teams.
  • Foreldremøte
    • Treningsdagar og treningstider.
    • Treningsavgift.
    • Mål for sesongen.
    • Turneringar.
    • Fair Play.
      • Haldningskontrakt.
      • Foreldrevettsreglar.
      • Kampvert.
    • Dugnad.
    • Økonomi.
  1. Dugnad: Oppgåver som fordelast av lagleiar
  • Køyrelister.
    • Bruk terminlista og set opp køyring til kampane tidleg. Dersom det er spelarar ein er usikre på om vert med heile sesongen, set desse opp på køyring først.
  • Kiosksal.
    • Set opp kiosklister med ansvar for 2-3 kaffikanner og noko enkel bakst. Kan vera ei fin inntekt for lagskassa.
  • Vasking av drakter.
    • Samlast inn etter kvar kamp og vaskast. Dette kan gå på rullering, men viktig at alt vert samla inn, for å hindre svinn.
  • Kampdugnad.
    • Alle årskull har ulikt ansvar for dugnad under heimekampane til A-laget.
  • Lerum Cup.
    • Alle lag i Sogndal Fotball har obligatorisk dugnad under Lerum Cup. Ulike årsklassar har ulik dugnad. Denne informasjonen vert sendt ut frå Sogndal Fotball.
  1. Utstyr
  • Lagleiar held kontroll over utstyr som er motteke for den komande sesongen.
    • Tell opp ballar, vestar, kjegler og drakter før og etter sesong. Meld tilbake til utstyrsansvarleg i Sogndal Fotball om noko manglar.
  1. Kamp

Før bortekamp:

  • Ansvarleg for køyreliste ved bortekamp.
  • Ansvarleg for reisekasse ved bortekamp.

Før heimekamp:

  • Skaffe dommar ved heimekamp. Betaling dekkast gjennom innbetaling eller kiosksal.
  • Kontakt bortelag, ønsk dei velkommen og tilby garderobe.
  • Fordel ansvar til banerydding, kioskansvar og Fair Play Kampvert.
  1. Turnering
  • Turneringar skal planleggast i god tid. Foreldre skal vere informert på foreldremøte i forkant av sesongen.
  • Lerum Cup og Norway cup er to turneringar som prioriterast av Sogndal Fotball.
  • Lagleiar samlar inn deltakaravgift ved påmelding og koordinera evt. dugnad.
  1. Økonomi
  • Dersom laget ikkje har bankkonto frå miniputt må lagleiar  opprette lagskonto hjå klubben sin hovudsponsor, Sparebanken Norge. Det er lurt å opprette eige organisasjonsnummer, slik at pengane ikkje står på privatpersonar. Pengar som er komne inn gjennom dugnad i miniputt er det lurt å spare til Norway Cup.
  • Reisekasse. Ta inn 200-250kr ved første bortekamp, som kan stå på konto. Dette er gode pengar for sesongen. Kan brukast til turnering, klede og uføresette utgifter.
  1. Avslutning av sesongen: etter siste kamp
  • Oversikt over utstyr. Alt skal leggast i lagskassen etter siste kamp.
  • Sørgje for sosial avslutning med laget.
  • Sende inn årsmelding til leiar av Sogndal breiddefotball. I årsmeldinga skriv ein kort om sesongen som har vore og legg ved bilete.

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: