Allmøtet torsdag 15/9

Sjå video frå møtet her

Torsdag 15/9 vart det halde allmøte i Flostova på Fosshaugane Campus.

Møtet kom i stand etter at Sogn Avis sin Endre Romøren kom med ei utfordring i ein kommentar

Klubben tok i mot utfordringa, og kom med eit tilsvar til kommentar: 
Me svarer på spørsmåla – kvar helg

Med dette som bakteppe, innleia styreleiar Jan Rune Årøy møtet, og ga deretter ordet til Tore André Flo.



Det var fleire ulike tema oppe til diskusjon, med mange og gode spørsmål frå dei frammøtte. Journalist Endre Romøren og dagleg leiar i Sogndal Fotball Lars-Olav Hausberg var på reise, men deltok på møtet via video. I tillegg til trenar og styreleiar svarte Terje Skjeldestad, Håvard Flo, Erling Ola Fykse, Rune Bolseth, Tommy Øren og Yngve Hallén på spørsmål.

Det var flott at så mange kunne komme på så kort varsel. Me takkar for, og set stor pris på det store engasjementet.

Annonse fra Obos-ligaen: