Bli fotballdommar – kurs i Sogndal 28. februar

Sogndal Fotball inviterer, i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane, til rekrutteringsdommarkurs for alle som ønskjer å prøve seg som fotballdommar og bidra i fotballmiljøet i regionen.

Rekruttkurset er steg to i Dommarutdanninga, og byggjer vidare på Klubbdommarkurset. Det er ein fordel at ein har erfaring som Klubbdommar, men ikkje eit krav. Rekruttkurset gir molegheit til å dømme 7ar-, 9ar- og 11ar-fotball.

Tid og stad
Laurdag 28. februar 2026 kl. 10.00–16.00
Flo-stova, Fosshaugane Campus, Sogndal

Kven passar kurset for?
Kurset er ope for alle frå 15 år (f. 2011) og oppover som ønskjer å dømme kampar i barne-, ungdoms- og seniorfotball. Erfaring som klubbdommar er ein fordel, men ikkje nødvendig.

Påmelding
Påmeldingsfrist: 25. februar
Påmelding skjer via NFF Sogn og Fjordane på e-post: [email protected].

Kurset er gratis, og det vert servert mat.

INVITASJON

Tips gjerne aktuelle kandidatar i klubbmiljøet!

Foto: NFF Sogn og Fjordane

Annonse fra Obos-ligaen: