Bli fotballspelar i Sogndal!
Student eller tilflyttar til Sogndal? - Me har eit fotballtilbod til deg! Breiddefotballen
Sogndal Fotball består av så mykje meir enn berre A-laget, og me ønskjer å tilby eit fotballtilbod til alle. Uansett om du ønskjer å satse på fotballen, eller om du berre vil halde deg aktiv i kvardagen, kan du bli med på eit av våre tilbod! Ta gjerne kontakt og bli ein del av fotballmiljøet i Saftbygda!

Kvinnefotball
På damesida har klubben to lag på seniornivå.
Sogndal damer 1 er eit lag som baserer seg på spelarar frå ungdomsfotballen (15-17 år), og spelar sin andre sesong på seniornivå.
Sogndal damer 2/Sogndal FK damer 2 er eit samarbeidslag med toppsatsinga Sogndal FK Damer. Om du ønskjer å satse på fotballen, eller om du berre vil ha ein sosial og aktiv hobby, har me tilbodet til deg. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat eller om du har nokre spørsmål.
Gjennom Sogndal FK Damer får ein moglegheit til å satse på fotballdraumen med topp fasilitetar og tilrettelegging. Dei spelar i 2. divisjon for kvinner, og får teste seg mot nasjonalt nivå. Dei siste åra har fleire tatt steget vidare til Toppserien etter spel her i Sogndal.
Kontaktinfo kvinnefotball:
- Sebastian Kaldestad, dagleg leiar Sogndal FK Damer - [email protected], 977 42 699

Herrefotball
På herresida er det totalt 3 seniorlag i Sogndal Fotball. A-laget vårt spelar i OBOS-ligaen, Sogndal 2 spelar i 3. divisjon og Sogndal 3 spelar i 6. divisjon. Troppen i OBOS-ligaen består av profesjonelle fotballspelarar, medan Sogndal 2 er ei gruppe spelarar som satsar i 3. divisjon. Klubben har eit sterkt ønskje om å etablere dette laget i 3. divisjon, for å få ein betre utviklingsarena for våre spelarar. Sogndal 3 er eit breiddetilbod for alle som kunne tenke seg å spele fotball på fritida, både i trening og kamp.
Kontaktinfo herrefotball:
- Anders Standheim, utviklingsansvarleg, [email protected]

Sogndal United
Sogndal United er eit lavterskel fotballtilbod for dei med psykisk og fysisk utviklingsnedsetting i Sogn og Fjordane. Sogndal United samlast ein gong i veka og gjennomfører varierte fotballøkter. Treningane blir lagt opp på ein måte som gjer at alle kan delta. Det er stort fokus på å ha det kjekt med fotballen, og det sosiale rundt ei slik samling. Her får ein verkeleg sjå engasjement, innsats og fotballglede! Trenarane for laget er Mia Sævig Eriksen og Julie Slattum Pettersen.
Kontaktinfo Sogndal United:
- Mia Sævig Eriksen, trenar - [email protected], 948 76 687
Me ønskjer dykk velkommen til eit av våre fotballtilbod, og håpar du vil ta del i fotballmiljøet i Sogndal!
STAO NO PAO!