Bra start for Mathias

Fekk skryt av trenaren etter skåring og assist i debuten

Mathias Sundberg reiste til Tromsø på torsdag, fredag hadde han sin første treningsøkt med Tromsdalen, og i dag starta han kampen mot Florø på Florø Stadion.

Les også: Mathias på utlån

Unge Sundberg har tenkt å bruke tida godt under utlånsopphaldet i nord, han brukte kun to minutt på å skåra sitt første mål for Tromsdalen. Dette på ei godt plassert straffe.

- Eg er kjempenøgd med det han leverte i dag, sa ein glad Tromsdalen-trenar etter kampslutt. Jonathan Hill hadde då sett at Mathias leverte ei skåring og ein assist i kampen som enda med ein 4-1 siger til bortelaget.

Hill og Sunberg
Mathias fekk skryt av trenar Jonathan Hill etter kampen. Foto: Rune Sjøberg

Mathias spelte 75 minutt i det som var hans første kamp frå start sidan februar - også det mot Florø, i Sognahallen.

- Me skal passa godt på Mathias, og han kjem til å skåra meir mål for oss, det er eg sikker på, sa Hill.

Mathias sjølv smilte godt etter kampslutt. Den unge sogndølen har fått ein godt start!

Stao pao, Mathias!

Annonse fra Obos-ligaen: