Dette skjer på kampdag: Sogndal - Skeid

I morgon er det ny heimekamp

Her er ei oversikt over korleis ein kan planleggja Søndagen på og utanfor Fosshaugane Campus!

Billett kjøper du her!

RUNDE 1, NM JENTER 16 

► kl.12.00 Kom på Fosshaugane Campus og støtt jentene våre til siger i første runde mot Blindheim i NM! Perfekt Fotball Søndag på Fosshaugane med andre ord

► Me i Sogndal er med i kampanjen «Lagløftet – Jenter vil meir» der ambisjonen er å løfta jentefotballen og sikre like moglegheiter. Det gjer me i ei felles satsing med Sparebanken Vest, SK Brann og Arna Bjørnar Fotball - Du kan lese meir om kampanjen her

369901793_747871860476715_190785889560494857_n.jpg

JUNIORSVINGEN:

Juniorsvingen er Saftkokaradn sin avdeling for dei yngste supportarane og her er alle barn velkommen! Det blir lånt ut flagg og sanghefter

► kl.16.40: For dei som ynskjer vil det vere mogleg å løpe med flagg inn på grasmatta og rundt midtsirkelseglet på Fosshaugane før avspark. Dei små supportarane må då vere på plass på feltet kl.16.40

(Barnebillettar gjelder for barn og unge mellom 5 og 16 år)

Her finn du Juniorsvingen på Facebook

2023-08-19 16.30.26.jpg
Bli med å lag stemning på Fosshaugane i morgon!

SAFTKOKARADN:

► OBS! Fjøra pub holder stengt i morgon for å ha personal fest etter å ha stått på for å arrangere Fjøra Rock saman med frivillige (må unne dei ein fest i ny og ne når dei jobbar for at me skal få lov ellers) 

Me e med, Me e pao same lag, I all slags vind og ver, So vi du sjao oss her, Naor Saongdal e i gaong, Og du kan høyra saong, Dao veit dei me e med, At seieren vaor e nær!

— Mi e’ med

► Kom heller å støtt jentene kl.12.00!

► Ellers oppfordrar Saftkokaradn til å møte ein time før kamp for å være med på oppladning før kampen startar! Då får du med deg oppvarming og andre ting som skjer før kampstart, du kan ta turen opp til Målkklubben og få siste nytt frå stallen kl.16.20

► Ikkje gløym å kle deg i Sogndal uniformen, finn det du har i skapet av svart og kvitt og bli med!

Her finn du Saftkokaradn på Facebook

2023-08-19 16.25.14-1.jpg
Alle er hjarteleg velkommen til å stå saman med Saftkokaradn

MÅLKLUBBEN: (OPE FOR ALLE)

- Møt gjerne opp i god tid før programmet startar, me serverar kaffi og vaffel!

► Kl.16.20: Terje Skjeldestad informerer om kamp opplegget og Tore André Flo med siste nytt frå garderoben og laget

Etter er det tid til den viktige fotballpraten og mingling, dette er veldig kjekt å få med seg før den viktige kampen som startar 17.00 på Fosshaugane Campus.

Bli medlem i Målklubben til Sogndal fotball - og bidra til at me får fram fleire talent frå eigen klubb!

målklubben - plakat - web.jpg

Me håpar å sjå deg på kamp i morgon! 

KJØP BILLETT NO!

> Runde 21, OBOS-ligaen 2023
> Sogndal - Skeid
> Fosshaugane Campus 
> Avspark klokka 17.00

STAO NO PAO!

IMG_3491.JPG

 

Annonse fra Obos-ligaen: