Duka for cupdrama!

Mange spennande oppgjer i 3. runde av NM

Det blir skikkeleg cupfest i Fotball-Norge i dag! 3. runde i NM står for tur, og nytt i år er at det er trekning så tidleg som etter runde 2. Laget som vart trekt først, fekk heimekamp.

Me skal ut mot divisjonskollega Åsane på Fosshaugane Campus. Avspark er klokka 18:00.

Kjøp din kampbillett her


Slik gjekk det då me møtte Åsane i seriekamp i juni.



Karane vann 3-1 etter skåringar av Akor Adams, Sindre Austevoll (sjølvmål) og Sivert Mannsverk.

Det at kampane blir trukne allereie i runde 3 er ei ny ordning, og me får mange spennande og interessante oppgjer som me ikkje ville fått ved tidlegare ordning.

Det ville seg slik at det blir skikkeleg cupfest i Alta, som tek i mot Bodø/Glimt, medan det er duka for litt av eit oppgjer når Harstad får besøk av Brann! På Austlandet får me lokaloppgjer i Groruddalen, der Grorud tek i mot Lillestrøm, medan Viking får Rosenborg på besøk. Det blir skikkeleg cupdrama ved Mjøsa når HamKam skal kjempa mot Raufoss, og på Jæren skal Bryne ta i mot sjølvaste Molde.



Me har snakka med Rune Bolli Bolseth før kampen.

I første runde spelte me "borte" mot Fjøra. Den kampen gjekk på eit brennheitt Fosshaugane, og karane våre vann 3-0

I runde to møtte me Florø, og mange frykta nok ein reprise av tidlegare cupkampar mot dei. Som kjent vart me sendt ut av cupen på Palmekysten i 2012 og 2017. Denne gong vart det imidlertid nokså grei skuring og ein komfortabel siger



Kristoffer Hoven skåra ikkje mindre enn fire mål, og Tobias Bjørnebye eitt då me  vann 5-1 mot Florø i juli.

Slik går kampane i den tredje runden, onsdag 22/9:
Avspark klokka 17:00
Grorud - Lillestrøm
KFUM - Kristiansund BK

Avspark klokka 18:00
Alta - Bodø/Glimt
Bryne - Molde
HamKam - Raufoss
Harstad - Brann
Kongsvinger - Fløy
Moss - Sandnes Ulf
Nardo - Arendal
Ranheim - Aalesund
Sogndal - Åsane
Start - Mjøndalen
Strømsgodset - Stabæk
Vålerenga - Odd
Øygarden - Sarpsborg 08

Viking - Rosenborg går klokka 20:10

 

Annonse fra Obos-ligaen: