Eirik Lereng har forlenga avtalen

Blir verande på Fosshaugane ut 2023

Sogndal Fotball og Eirik Lereng er samde om ein ny avtale som strekker seg ut sesongen 2023.

- Dette er ein god og viktig resignering på ein svolten gut som har gått gradene her hjå oss, seier ein glad Håvard Flo.

Årdølen Eirik Lereng står så langt med 35 kampar for Sogndal 2 og 24 kampar for A-laget. Han var óg ein viktig brikke på G19-laget vårt, som vann NM og Skandinavisk, og som var nære ved å gå vidare til tredje runde i UEFA Youth League.

Eirik står med tre kampar for det norske G18-landslaget.

- Eirik er inne i landslagsvarmen og har vist ein veldig fin utvikling her i Sogndal, seier Flo.

- Me har stor tru på denne lokale guten, og at han vil fortsetje si positive utvikling, difor følte me at tida var inne for ein resignering av avtalen, held Flo fram.

- Lereng er ein spelar som kan nå langt, både utviklings- og karrieremessig. Han er ein bra gut, avsluttar Håvard Flo.

Me ser fram med mange kjekke stunder i lag med Eirik Lereng dei komande åra!

Les også: Ny avtale for Eirik Lereng

Annonse fra Obos-ligaen: