Europacupkveld på Fosshaugane

Bli med på fotballfesten!

UEFA sine flagg vaiar fint i Dalatrekken, og dei siste førebuingane blir no gjort inn mot kveldens fotballfest på Fosshaugane Campus.

Det er ikkje daglegdags at ein skal spela ein 2. runde-kamp i Europacupen her i Saftbygdi. me håpar difor at mange kjem og tek del i denne kvelden i lag med oss slik at det blir ei skikkeleg flott ramme rundt kampen.

Les også: Spennande kveld i vente

I dag har trenar Nils Tore Krosshaug med seg denne kamptroppen:
Håvard Hetle, Kasper Bordvik, Gøran Njøs, Mathias Sundberg, Eivind Helgesen, Mikkel Erlandsen, Iver Skorve, Johan Bakke, Eirik Lereng, William Rakkenes, Eirik Stokkenes, Sivert Mannsverk, Vegard Halset, Elias Mittet, Per M. Thune, Adrian Solberg, Filip Mardal og Anders Nord.

Me gler oss veldig til kampen!

G19 laget
Hjelp denne gjengen vidare i Europa! Kom på kamp!!

Kjøp kampbilletten her 

Litt info om billettane:
BillettBui opnar klokka 16:30
Kun Sognekraft-tribuna og Lerum-tribuna open til denne kampen
Billettpris:
Kr. 100,- på Sognekraft-tribuna (gjeld både barn og vaksne)
Kr. 50,- Felt P og Q på Lerum-tribuna (gjeld både barn og vaksne)

UEFA Youth League, 2. runde - kamp 2
Sogndal - FC Sheriff
Fosshaugane Campus
Onsdag 27/11 klokka 18:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: