
Før Avspark
4. runde NM, Sogndal - Lillestrøm, Fosshaugane Campus kl. 17:00
Me er klare til cupfest på Fosshaugane Campus!
Det er duka for storkamp når me i dag klokka 17:00 tek i mot Akor Adams, Martin Ove Roseth og resten av kanarifuglane til 4. runde i cupen.
Sist me møtte Lillestrøm var i koronaåret 2020, då vann me på Årasen og dei gule tok med seg poenga frå Fosshaugane. Lillestrøm kom på andreplass med 57 poeng, me tok tredjeplassen, seks poeng mindre enn LSK.
Me må faktisk heilt attende til juni i fjor for å finna kampen då me tok oss vidarei NM.
På Ekebergssletta vart 3. rundekampen mot KFUM avslutta på høgdramatisk vis då Renze Fij redda den siste og avgjerande straffa på stillinga 4-5 i favør av Sogndal.
Trenar Tore André Flo gler seg til kamp! Cup er cup og alt kan skje i dag.
Slik går den 4. runden i NM
Ranheim - Bodø/Glimt 0-4 (spelt 5. mars)
Skeid - Molde klokken 15.00, LSK-hallen
Stabæk - Bryne klokken 15.00, AJ Arena
Sandefjord - Odd klokken 17.00, Consto Arena
Start - Tromsø klokken 17.00, Sparebanken Sør Arena
Brann - Haugesund klokken 13.00, Åsane Arena
Sogndal - Lillestrøm klokken 17.00, Fosshaugane Campus
Viking - Rosenborg klokken 20.15 (NRK 1), SR-Bank Arena
Les meir om cupen og vegen vidare frå 4. runde her
Det er kaldt over heile landet denne helga, så i dag gjeld det å kle godt på seg med den varmaste jakka, ull innerst og gode sko. Vêrmeldinga til Yr fortel oss at det er venta svak vind, rundt 0 grader og moglegheit for litt nedbør under kampen.
Bli med på vegen til Ullevaal - det hadde vore veldig kjekt å ta seg vidare til kvartfinalen! Kom på kamp, i dag kan alt skje og med hjelp frå vår tolvte mann skal me sikra oss avansement!
Me gler oss til kamp!
4. runde NM
Sogndal - Lillestrøm
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 17:00
Stao no pao!!