Før Avspark

Sogndal - Raufoss, Fosshaugane Campus, Avspark kl. 15:00

Vinteren er over, våren er her! Den vakre bygda vår ligg bada i nydeleg maisolskin og i dag blir det fotballfest på Fosshaugane Campus!


I dag får me møta våre vener frå Toten til ny dyst. Raufoss Fotball er eit lag me gjennom lang tid har hatt veldig gode relasjonar til. Nokon ganger kan det bli litt ekstra fyring i teltet, men stort sett skjer det i joviale former.

Sist møttest me halvveges og spelte treningskamp på Fagernes, den enda 0-0. Sidan då har begge laga hatt ein god start på sesongen, og alt ligg til rette for ein flott fotballkamp i dag.

Slik enda kampane i den femte runden av OBOS-ligaen 2023
 

Tabellen før helgas runde ser slik ut

Runde seks av OBOS-ligaen 2023 går slik
 

R6.jpg

Trenar Flo såg mykje positivt hjå karane sine då Kristiansund stakk av med alle poenga på Nordmøre tidlegare i veka. Då me snakka med Bolseth i går var han inne på det same: Det skjer veldig mykje bra mellom dei to sekstenmetarane, og no skal me skru til ekstra også i boksane, både offensivt og defensivt.


Første omgang mot Bryne sist var veldig bra, no skal me ha to slike omgangar. Det skal smella på Fosshaugane i dag!

Sola skin! Det er mai. Det er laurdag. Yr kan melda om 14 grader og solskin under kampen! 

Me håpar me ser deg på kamp - billett kan kjøpast her

Bli med og stem på banas beste Sogndal-spelar

1 (2).jpg

 

Annonse fra Obos-ligaen: