Før Avspark

Bryne - Sogndal. Bryne Stadion, måndag 12. juli klokka 18:00

OBOS-ligaen 2021 rullar vidare, og me er framme ved runde 11 av årets seriespel.

Slik gjekk det i runden for ei veke sidan.

OBOS-ligaen - 2021 - Resultater - Runde 10.png

Det var to lag som tjuvstarta runde 11 i går. HamKam tok i mot Åsane, og gjekk på eit 1-2 tap heime.

I dag har me mange spennande oppgjer. Me er på Jæren og skal møta Jan Halvor Halvorsen sitt Bryne, der óg Sixten Jensen er no. Slik ser runden ut

OBOS-ligaen - 2021 - Rundeoppsett - Runde 11.png

Før dagens kampar har me denne tabellen

Spelt S Vunne V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P Form
1 HamKam HamKam 13 8 2 3 26 13 13 26 T V T V V
2 Fredrikstad Fredrikstad 13 7 4 2 25 16 9 25 U V V V U
3 Jerv Jerv 13 7 4 2 22 20 2 25 V U U V V
4 Aalesund Aalesund 13 7 3 3 21 16 5 24 V U V U V
5 Sogndal Sogndal 13 6 3 4 20 13 7 21 V V V U T
6 KFUM KFUM 13 4 5 4 19 17 2 17 V U T T V
7 Start Start 13 5 2 6 23 23 0 17 V U V T T
8 Bryne Bryne 13 5 2 6 20 21 -1 17 T T T T V
9 Ranheim TF Ranheim TF 13 4 4 5 21 22 -1 16 T V V U U
10 Ullensaker/Kisa Ullensaker/Kisa 13 4 4 5 18 20 -2 16 V U U U T
11 Åsane Åsane 13 5 1 7 15 20 -5 16 T T V T T
12 Raufoss Raufoss 13 4 3 6 24 23 1 15 T U T V T
13 Strømmen Strømmen 13 2 7 4 9 13 -4 13 U U T U V
14 Sandnes Ulf Sandnes Ulf 13 3 4 6 13 20 -7 13 V T T U T
15 Stjørdals-Blink Stjørdals-Blink 13 4 1 8 13 25 -12 13 T U V V T
16 Grorud Grorud 13 3 3 7 16 23 -7 12 T T T T V

Sjå full statistikk rundt OBOS-ligaen her

Me reiste nedover i går. Det vart ein kort beinstrekk på Voss, og me hadde ei lett treningsøkt på naturgras på Stord. Rett før klokka 19:00 rulla me inn i Stavanger til middag før me avslutta ein lang dag med å sjå EM-finalen.

Vår gode Renze Fij er tilbake etter sjukdom og stod ein veldig god kamp sist. Han ser fram til dagens kamp, og her er kva han og reporter Jørgen Johnsen snakka om etter treninga på Stord i går.





Etter treninga på Stord tok me ein prat med trenar Eirik Bakke.

Sist me var på Bryne Stadion var i 2015, då vann me 2-0 . Fem år tidlegare slo me til med ein 5-2 siger.

Bryne har hatt ein frisk start på årets sesong, og ligg på ein flott 4. plass på tabellen. Dei er sterke heime, så langt har dei ikkje tapt på eige gras. Det skal me gjera noko med i dag!

Les også: Flott treningsdag i Årdal

Karane våre har lada godt opp til denne kampen og har god energi i gruppa. Det kunne me sjå då me fekk trena på gras i Årdal før helga, og det var gode smil og latter på Stord i går. Me er klare til å ta Jan Halvor Halvorsen, Sixten Jensen og resten av dei raudkledde!

Her nede er det no i morgontimane eit strålande vêr! Sola skin og det er eit lett slør med skyer. Under kampen er det venta lettskya, nokså vindstille og rundt 22 grader.

Kampen blir oppdatert på Firdaliven samt at Sogn Avis og Porten vil óg halda dykk oppdatert undervegs.

Stao no pao!!

Sogndal_runde_11.png

 

Annonse fra Obos-ligaen: