Før runde 18: Bakke krev meir
To tap på rad har gjort vondt. No er blikket retta framover. A-laget

Søndag kjem Sandnes Ulf til Fosshaugane Campus, og mellombels hovudtrenar Eirik Bakke forventar eit lag som svarar med meir energi, meir kvalitet og større krav til kvarandre.
– Me må jobbe hardare enn me har gjort. Me må orke meir, løpe meir og bli betre med ball. Me må bli endå vanskelegare å møte. Alle må vere villige til å gå endå meir i kjellaren. Me må stille større krav til kvarandre. Det har eg utfordra spelarane på denne veka, seier Bakke.
– Har du skrudd til retorikken?
– Me må skru til på rett måte. For spelarane handlar det om å ha fokus på det dei skal gjere, leggje ned innsatsen gjennom veka og førebu seg godt til kvar trening. Kvar dag, sier Bakke.
– Det var mykje bra forrige søndag, men me må heve kvaliteten i alle spelets fasar. Det startar på trening, med endå meir innsats og endå meir kvalitet i kvardagen. Då skal me klare å snu dette, seier Bakke.
Dette skjer på kampdag
BILLETTAR
Billettar kan kjøpast her eller i billettbui.
OBS! Billettbui er flytta tilbake til Svingen-bygget.
FAMILIE/JUNIORSVINGEN
Ta med barna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her blir det teikning, perling, brettspel og mykje moro.
Før kampstart får barna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake – eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.
STUDENT
Studentane kjem inn for berre 30 kroner. Bruk promokode student26 på TicketCo. Ta med studentbevis på kamp.
SENIORKLUBBEN
Møt opp ein time før kamp i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det blir servert kaffi og vaflar.
Program: Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.
SKRAOL
Start fotballdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du spennande tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og god stemning saman med andre supportarar. Perfekt opplading før avspark. God stemning og litt snacks, så er me klare når det brakar laus ute på bana. Skraol opnar to timar før kampstart og stengjer ein time etter kampslutt.
SOGNDALBUI
Vårt supportershop held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Sogndalbui finn du i Sognekraftgata.
BORTEFANS
Sjå: https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar
🤍 STAO NO PAO 🖤
Må skape meir
Sogndal kjem frå tap mot Lyn og Bryne. Trass i 0-2-tapet sist meiner Bakke det også var noko å byggje vidare på.

– Me var meir solide defensivt enn på ei stund. No må me løfte den offensive delen av spelet og skape fleire sjansar. Det heng saman med at me må bli dyktigare med ball og by meir på oss sjølve. Me må ha fleire løp inn i boksen og fleire løp framfor ballførar, seier Bakke.
Søndag kan publikum også få sjå nykomaren KP Arierhi i aksjon. Spissen er henta på lån frå Lillestrøm og gir Sogndal eit nytt alternativ offensivt. Om han startar eller ikkje, vil Bakke ikkje røpe.
– No har me fått inn ein annan type spiss enn dei me har frå før. Konkurransen er tøffare no, og det er akkurat det man ønskjer i eit lag, seier han.
Treng 20 spelarar
Også Ronny Onyango har meldt seg på i kampen om plassane etter fleire gode innhopp dei siste vekene. Bakke understrekar at laget treng bidrag frå heile troppen.

– Me skal ha gode folk som startar, og gode spelarar som kjem inn. Det er slik det må vere. I fleire kampar har me òg blitt betre etter byta våre. Me treng 20 spelarar som er klare til å leggje ned den innsatsen som skal til for å slå Sandnes Ulf, seier Bakke.
No håpar han på god støtte frå tribunane.
– Då eg var her tidlegare, både som spelar og trenar, var me alltid vanskelege å møte på Fosshaugane. Dei laga som kjem hit skal måtte jobbe hardt for poenga. Uansett. Me skal vere eit lag som alltid gir alt, seier Bakke.
STAO NO PAO