Før Sogndal–Hødd: Gratis inngang med drakt eller skjerf

Vinn me på søndag, er plassen i OBOS-ligaen sikra. No ventar årets siste seriekamp på Fosshaugane, og hovudtrenar Eirik Bakke håpar på full støtte frå tribuna.

Søndag kl. 13.00 tek Sogndal imot Hødd på Fosshaugane Campus. Etter tapet mot Ranheim sist helg har Sogndal framleis alt i eigne hender i kampen om å unngå nedrykkskvalifisering.

Med siger mot Hødd er plassen i OBOS-ligaen sikra. Difor må me fylle Fosshaugane og hjelpe laget til tre poeng!

Alle som kjem med Sogndal-drakt eller Sogndal-skjerf, får gratis inngang! Me ønskjer å farge Fosshaugane svart og kvitt til den viktige serieavslutninga.

Jo fleire som kjem og lagar skraol og god stemning, jo meir betyr det for dei som er ute på bana.

— Eirik Bakke, hovudtrenar

Ved poengtap vert Sogndal avhengig av resultata til Sandnes Ulf og Moss. Etter to strake heimesigrar mot Raufoss og Kongsvinger håpar laget å avslutte sesongen med ein ny siger framfor eit stort heimepublikum. 

– Eg vil sjå eit Sogndal-lag som byggjer vidare på det me har gjort på heimebane. Me skal blø for drakta, vere framoverretta i spelet og skape mange sjansar. Er me gode på det, skal Hødd få det vanskeleg.

Stramme opp

Etter ein tett kampperiode har laget endeleg fått ei full treningsveke før søndagens oppgjer.

– Me gler oss. Me førebur oss som vanleg. Etter kampar søndag og onsdag tre veker på rad har nokre vore slitne, så me brukar veka på å byggje dei opp att til søndag, seier hovudtrenar Eirik Bakke.

Kampdag: Dette må du vite

BILLETTAR

Gratis inngang med Sogndal-drakt eller -skjerf. Du får billett ved inngangsporten.

Vanlege billettar kan kjøpast her eller i billettbui.

OBS! Billettbui er flytta tilbake til Svingenbygget.

FAMILIE/JUNIORSVINGEN

Ta med borna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her vert det teikning, perling, brettspel og mykje moro.

Før kampstart får borna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake – eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.

STUDENTAR

Studentar kjem gratis inn på Saftkokarfeltet! Bruk promokoden «kokarstudent» på TicketCo. Hugs studentbevis på kampen.

SENIORKLUBBEN

Møt opp ein time før kampstart i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det vert servert kaffi og vaflar.

På programmet står Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.

SKRAOL

Start kampdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og høve til å møte andre supportarar.

Med god stemning og litt å bite i ladar me opp til kamp.

Skraol opnar to timar før kampstart og stengjer ein time etter kampslutt.

SOGNDALBUI

Supportarbutikken vår held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Du finn Sogndalbui i Sognekraftgata.

OPE MØTE MED STYRET

Etter kampen inviterer det nye styret i Sogndal Fotball til eit ope møte kl. 15.15 i andre etasje i Svingenbygget.

Styret ønskjer å informere om situasjonen i klubben og få innspel om vegen vidare. Alle er velkomne!

BORTESUPPORTARAR

Informasjon for bortesupportarar:
https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar

STAO NO PAO!

Trenaren ønskjer å sjå att prestasjonane frå dei siste heimekampane. Bakke ventar likevel tøff motstand.

– Me møter eit Hødd-lag som har hatt ein god sesong. Dei har ikkje så mykje å spele for no, men det kan slå begge vegar. Me må konsentrere oss om oss sjølve og stramme opp spelet etter Ranheim-kampen.

Gratis inngang med Sogndal-drakt eller -skjerf

Over 2000 tilskodarar har møtt opp på kvar av dei tre siste heimekampane. No håpar me på endå fleire når alt skal avgjerast.

Alle som kjem med Sogndal-drakt eller Sogndal-skjerf, får gratis inngang! Me ønskjer å farge Fosshaugane svart og kvitt til den viktige serieavslutninga. Du får billett ved inngangsporten.

Også denne veka har klubben vore ute i bygda og delt ut billettar. Denne gongen har barnehagane fått billettar, og me håpar mange av borna tek med seg foreldre og besteforeldre på kamp.

Bakke understrekar kor mykje støtta frå tribuna betyr.

– Me har hatt god støtte på heimebane. Både vaksne og born støttar opp. Jo fleire som kjem og lagar skraol og god stemning, jo meir betyr det for dei som er ute på bana. Me treng dei no òg om me skal slå Hødd.

Sogndal – Hødd
Søndag 8. november kl. 13.00
Fosshaugane Campus

Billettar finn du her

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: