
Full aktivitet frå morgon til kveld
Vinterkulda ute stoppar ikkje aktiviteten i Sognahallen Fosshaugane Campus
Vinterkulde, snø og is ute hindrar ikkje aktiviteten på Fosshaugane Campus. I vinterhalvåret er det aktivitet på anlegget frå kl. 7 til 22, og hundrevis av barn og unge kan drive med aktiviteten dei elskar!
Me er heldige som har ein hall som Sognahallen. Uansett korleis vinteren herjar ute, er forholda heilt perfekt for både fotball og anna aktivitet innandørs. Kunstgraset held høg internasjonal standard og blir brukt av både A-laget, nasjonale lag, Sogndalskadamiet og breidden. I tillegg har klubbar som Fjøra, Sogndal FK Damer, Vik og Syril også treningstid i hallen på vinteren.
Sognahallen er også mykje brukt i helga, og i denne perioden er det mange klubbar som legg treningshelgar til Sogndal. Her får dei trene og spele treningskampar i perfekte forhold når dei førebur seg til sesongstart på våren. Saman med Quality Hotel Sogndal skreddarsyr me ei flott helg både sosialt og sportsleg for alle laga som kjem til oss. I tillegg har klubbar som Arna Bjørnar og Åsane i Bergen til dømes avtala treningskampar mot AAFK Fortuna frå Ålesund.
Sognahallen er ikkje berre for våre mange fotballspelarar. Sogndal Klatresenter tilbyr eit stort utval av fasilitetar med klatrevegg, speedvegg, kursvegg og buldrevegg. Totalt er det over 500m² med buldreveggar fordelt på 4 rom. For dei som elskar klatring er det prima forhold gjennom heile året.
Hallen blir også nytta av til dømes Høgskulen, Sogndal VGS, Kvåle skule, Sogndal folkehøgskule og dei ulike barnehagane i kommunen. Kroppsøvingstimar, fotballtreningar, friluftsliv, leik og morro gjer at det alltid er aktivitet i hallen frå morgon til kveld!
STAO NO PAO!