God motstand i oppkøyringa

Skal møta fleire Eliteserie-lag i vinterens treningskampar

Sesongen 2020 er over, og karane har no ein særs velfortent ferie frå fotballen.

Me jobbar no hardt for at 2021 skal bli eit flott år for alle some er glade i klubben vår.

I år vert det ingen treningsleir i utlandet, slik me har hatt som tradisjon i mange år. Grunna Covid-19 pandemien skal me halda oss her i Sogndal, og berre ha nokre småturar ut når me skal spela treningskampar.

Også trenar Eirik Bakke har ferie. Me reiste heim til han for ein kopp kaffi i formiddag, og før han reiste på skitur med Kari, fekk me høyra litt om kva han tenkjer rundt sesongoppkøyringa 2021.



Tida i januar vert nytta til spelarlogistikk, og som alltid vil det skje endringar i troppen vår. Nokre vil reisa frå oss, og andre kjem hit for å bidra.

Det er lagt ned ein god jobb med å få spikra opplegget, som ser slik ut:

Måndag 1. februar: Treningsoppstart

Fredag 12. februar: Vålerenga – Sogndal
Laurdag 20. februar: Sogndal – Åsane
Fredag 26. februar: Aalesund – Sogndal
Sundag 28. februar: Sogndal – Brattvåg
Fredag 5. mars: Sogndal – Øygarden
Sundag 7. mars: Sogndal – Hødd
Fredag 12. mars: Molde – Sogndal
Laurdag 20. mars: Sogndal – Brann
Sundag 28. mars: Sogndal – HamKam (Generalprøve)

Kamparena og klokkeslett kjem me tilbake til inn mot kampane.

Som me ser er det ein fin mix med gode Eliteserie- og OBOS-liga lag, samt lag frå PostNord-ligaen. Me skal stå godt rusta når det heile startar i april!

Sesongkortet for 2021 kan kjøpast her
 

Annonse fra Obos-ligaen: