Håvard har forlengja!

Keepertalentet har skrive ny kontrakt


Håvard Hetle ((f. 5/2 2003) og Sogndal Fotball har skrive ny kontrakt. Denne erstattar den kontrakta som gikk til 8/8 2021, og er auka med to år. Dette betyr at Håvard skal vera hjå oss i minst tre år til.

Les også: Håvard Hetle har signert for Sogndal

Den unge karen har vore ein del av treningsgruppa vår ei god stund allereie, sin unge alder til tross. So langt står han med ein offisiell kamp for oss (NM mot Stryn i 2019), men håvard har tida framfør seg. Då han stod i treningskampane mot Molde og Aalesund før seriestart, såg me kva me har i vente frå den kanten.

- Det Håvard har vist av utvikling gjennom desse åra han har vore hjå oss, gjer at me no vel å forlengja med han for tre nye år, seier Håvard Flo.

Den unge keeperen er heil ved. Han er den første som kjem til trening, og den siste som går heim. Ofte kan ein sjå han åleine på feltet etter at dei andre har gått heim, då er det terping på detaljar det går i.

- Håvard berre fortset på den fine vegen han starta for nokre år sidan med gode haldningar og har ein fin og spennande progresjon som keeper, seier Flo.



Assistenttrenar Marius Lenni Bøe kjenner Håvard godt frå både klubb- og landslag, og har berre godord å seie om karen frå Breim.

Håvard er fast på aldersbestemte landslag og har so langt spelt 19 kampar med flagget på brystet. Håvard var ein av spelarane som vart portrettert i TV2-serien "Våre neste menn", som ligg på YouTube, sjå her

Me gler oss til dei neste tre åra i lag med Håvard Hetle!

Håvard og Geir

 

Annonse fra Obos-ligaen: