Johan Johannessen Bakke har signert!

Ny lokal spelar i troppen – det er duka for 3. generasjon Bakke på Fosshaugane!

Sogndal Fotball er glade for å informera om at Johan Johannessen Bakke (f. 1. mai 2004) har signert sin første proffkontrakt med klubben. Avtalen strekkjer fram til og med 31. desember 2023.

- Dette er ein flott merkedag for både bygd og klubb, seier Håvard Flo.

Johan kjem frå ein særs markant fotballfamilie. Her er fotballgenene i orden. Morfar Johan Johannessen og farfar Svein Bakke har begge spelt i kvitedrakta. Mamma Kari er ein habil fotballspelar, og Pappa Eirik er tidlegare spelar og noverande hovudtrenar.

No er det Johan sin tur, og no ventar ei spennande fotballframtid på guten som i fjor haust vart utteken til G16-landslaget.

Les også: Johan på landslaget

Me snakka med toppspelarutviklar Rune Bolset, assistenttrenar Marius Lenni Bøe og Johan sjølv etter dagens trening.


(Underteikna forsnakka seg under intervjuet og kom i skade for å seie at han blir 18 i mai, det er sjølvsagt feil, Johan blir 17.)

Mamma Kari såg at alt gikk rett føre seg då Johan signerte sin første proffkontrakt (Foto: Rune Sjøberg)
Mamma Kari såg at alt gikk rett føre seg då Johan signerte sin første proffkontrakt (Foto: Rune Sjøberg)



- Me har no signert ein proffkontrakt med ein lokal gut som har gått alle gradene i klubben, og det at Johan no tek dette steget vitnar om at det har vore jobba godt med spelarutvikling i eigne rekkjer der fleire har bidrege, seier Flo.

- Eg vil spesielt framheva Nils Tore, Krossen har vore tett på Johan i fleire år og gjort gjort ein kjempejobb med han, seier Flo.

Johan vart henta opp som ganske ung på Sogndal 2, og Krosshaug har mykje godt å seie om sin tidlegare elev.

- Første gong eg traff Johan var han ein litt beskjeden og forsiktig gut som ikkje snakka så mykje utafor bana, men på bana let han beina snakka for seg, fortel Krossen, og legg til at Johan kan minna litt om bestefar Svein både på og utanfor bana.

Det vert teikna eit bilete av ein gut med spesielle ferdigheiter. Han har ein fin ro med ballen, han har ein god pasningsfot og eit godt skot

- Johan er geniunt oppteken av fotball, han er ein Lagspelar med stor L som spelar andre lagkameratar gode, og som ung spelar er han veldig lærevilleg, seier Nils Tore.

jjb2
Håvard Flo var glad for å få Johan sin signatur (Foto: Rune Sjøberg)

No er tida komen for Johan – Me gler oss til å sjå han i Kvitedrakta dei neste åra.

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: