Kasper Skaanes blir med oss vidare!

Kasper Skaanes har signert ein ny avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen!

Sogndal Fotball og Kasper Holmboe Skaanes, f. 19. mars 1995, har signert ei ny avtale som strekkjer seg ut 2027-sesongen!

Kasper kom til oss frå Brann før 2023-sesongen, og har vore med oss i litt over eitt år. Han kom inn som eit friskt pust og debuterte med matchvinnarscoring mot Raufoss 6. mai 2023. Kasper vart rask ein viktig spelar både på og utanfor bana, og spelte til saman 23 kampar for oss i 2023. I sesongens siste bortekamp vart han diverre skada, og har jobba seg tilbake sidan då.

Les skadeoppdateringa her!

IMG_9324.jpg
Kasper Skaanes har signert ein ny avtale!

Etter ein vellukka operasjon er Kasper endeleg tilbake på bana, og formen kjem seg for kvar kamp. Han har allereie bidrege som innbyttar mot både Aalesund, Start og Stabæk og vist at han framleis har mykje å bidra med. No har han signert ein ny avtale og blir i Sogndal ut 2027-sesongen!


Håvard Flo er glad for at Kasper blir med vidare:

- Etter samtalar med Kasper har me vorte einige om å forlenge samarbeidet vårt med nokre nye år. Kasper har etablert seg i Sogndal med familien og det var naturleg for oss alle å diskutere kva me tenkte for framtida. Kasper var særs positiv til å gå i dialog om ein ny og lenger avtale, noko me er veldig glade for. Kasper er ein rutinert spelar som bidreg med mykje til spelargruppa. Han har vist seg å vere ein veldig fin rådgjevar og rollefigur for alle han er rundt, og me er veldig glade for at me har desse kvalitetane med oss i den forlenga avtalen

IMG_3484.JPG
Kasper i aksjon mot Stabæk

Me ser fram til nye flotte år saman med Kasper, og er veldig glade for at han ønskjer å vera med vidare! Neste moglegheit for å sjå han i aksjon er i heimekampen mot Egersund på søndag!

Kjøp billett her!

STAO NO PAO!

Annonse fra Obos-ligaen: