Klare til dobbelkamp

Her er dagens lagoppstillingar mot Flora og Florø

Oppkøyringa til sesongen 2020 er i full gang. Etter ein liten friperiode etter La Manga, har me hatt ei veke med gode treningar og no er me klare til nye treningskampar.

Skadesituasjonen så langt uti oppkøyringa er veldig god. Per i dag er det berre eit par spelarar som har småting dei slit med, og det er bra. Det er god trøkk på treningsfeltet. Renze Fij er heime i Nederland og ventar på å bli pappa for første gang.

Les også: Treningskamp mot Flora og Florø på same dagen

I går reiste ein gjeng til Estland for å spela kamp mot Flora Tallinn, ein tradisjonsrik klubb som er den beste i heimlandet. Me møter dei i dag. Planen var å spela kampen ute, men her i Tallinn er det både vind og snø, difor er den flytta inn.

Kampstart er klokka 13:00 lokal tid, 12:00 norsk tid, og me stiller med dette mannskapet frå start:

Håvard Hetle - Eirik Lereng, Igoh Ogbu, Tomas Totland - Daniel Eid, Sivert Mannsverk, Tobias Bjørnebye, Eivind Helgesen - Badou, Akor, Andreas Hoven.

På benken har me Håvar Mjelleli, Elias Mittet, Markus Brændsrød og Kasper Bordvik.

Det er legendariske Rune Bolli Bolseth som er hovudtrenar i dag.

I Sogndal har Marius Bøe og Eirik Bakke invitert våre vener frå Florø til dyst. Den kampen går på Fosshaugane, og det er gratis inngang. Kle dykk godt, det kjem til å bita godt i nasen når Dalatrekken kjem med kalde grader.

Kampstart på Fosshaugane er klokka 18:00

Marius og Eirik startar med dette laget:

Emil Harloff - Jonas Fredriksen, Per Magnus Steiring, Adrian Solberg - Sixten Jensen, Tomas Kristoffersen, Papé Alioune, Erlend Grov - Anders Nord, Mathias Sundberg, Kristoffer Hoven

På benken har me Kristoffer Duesund (keeper), Eirik Stokkenes, Mikkel Erlandsen og Filip Mardal.

Me har ein sterk domartrio på Haugadn i kveld med Jonny Skjerven som hovuddomar og Steffen MandelidVegard Aa Albretsen som assistentdomarar.

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: