Laget mot Åsane

Desse elleve startar dagens cupkamp

Me er klare for cupfest på Fosshaugane Campus! Avspark er klokka 18:00.

I denne 3. runde kampen skal me spela mot våre vener frå Åsane, der både Jonas Fredriksen og Tomas Kristoffersen er i startoppstillinga.

Her i Sogndal er det skikkeleg haustvêr i dag og godt med regn. Regnet skal halda fram under heile kampen, men det er nokså god temperatur ute, rundt 12-13 grader.

Våre karar er klare til å gi bånn gass, og i dag startar me med desse elleve:

Jørgen Johnsen, Tord Salte, Axel Kryger, Eirik Lereng, Amin Nouri, Tobias Bjørnebye, Johan Johannessen Bakke, Andreas Hoven, Kristoffer Nessø, Endre Kupen, Kristoffer Hoven.

På benken har me:
Renze Fij, Akor Adams, Noah Solskjær, Daniel Eid, Peter Godly Michael, Ronan Darcy, Emil Pálsson, Mathias Blårud og Henri Järvelaid

Stao no pao!!

Les også: Duka for cupdrama

Annonse fra Obos-ligaen: