
Laget mot Stjørdals-Blink
Her er dei ellevsom startar dagens kamp
Me er klare til å spela ferdig oppgjeret mellom Sogndal og Stjørdals-Blink.
Det blir ein spesiell kamp i dag:
- Det blir dei same kamptroppane som sist.
- Kampen startar oppatt på stillinga 1-0 til Sogndal.
- Kampen startar frå det tidspunktet domaren bles av sist, i det 12. minutt.
- Kampen startar med eit innbytte, og deretter innkast for Sogndal.
I dag er det berre å finna fram sokkabrok og ta på seg hue og vottar. Me er i november og det er både vind og regn, og under kampen skal temperaturen ligga rundt fem-talet.
I dag startar me med desse elleve:
Renze Fij - Axel Kryger, Martin Ove Roseth, Per-Egil Flo - Daniel Eid, Emil Pàlsson (blir "bytta" ut ved start), Mathias Blårud, Amin Nouri - Ronan Darcy, Steffen Lie Skålevik, Kristoffer Nessø
På benken har me:
Jørgen Johnsen, Eirik Lereng, Andreas Hoven, Johan Johannessen Bakke, Endre Kupen, Kristoffer Hoven og Erik Hovden Flataker.
Stao no pao!!