Like langt etter seksmålsdrama på Fosshaugane
Sogndal kom att to gonger og leidde 3–2, men Bjarg utlikna åtte minutt før slutt. Etter 3–3 i den første kvalikkampen vert alt avgjort i Bergen laurdag. A-laget
3 105 tilskodarar trossa kulda og såg ein intens og jamn kamp på Fosshaugane Campus.
Sogndal gjekk offensivt ut, men det var Bjarg som skapte den første sjansen. Etter to minutt havna et utspel rett i beina på ein Bjarg-spelar, men Lars Jendal retta opp med ei kjapp redning.
Fem minutt seinare kunne han ikkje gjere noko. Christophersen kom inn frå høgre og slo ein presis pasning inn i feltet, der Markus Eiane sette inn 0–1 frå om lag åtte meter.
I det 16. minuttet køyrde Kasper Skaanes seg fri på venstresida. Innlegget hans vart styrt, og Kparobo Arierhi stanga inn 1–1 frå fem meter.
Gleda varte ikkje lenge. Etter eit innlegg vart det misforståing i Sogndal-feltet, og Eiane sette inn sitt andre mål: 1–2.
I det 35. minuttet trudde Sogndal dei hadde utlikna att, men dommar Medic dømde målet til Lukas Gausdal bort for regelbrot. To minutt før pause kom utlikninga likevel. Arierhi gjekk forbi på høgresida og slo inn i feltet, Skaanes let ballen gå, og Harald Woxen hamra inn 2–2.
Arierhi sende Sogndal i leiinga
Etter pause kom Jamal Haruna inn for Lukass Vapne. Sogndal tok meir kontroll på kampen. Bjarg fekk likevel ein store sjansen i det 62. minuttet, men Jendal vann duellen med Hopsdal aleine med keeperen.
Eitt minutt seinare var det mål i den andre enden. Arierhi tok med seg ballen frå eiga banehalvdel, gjekk forbi to motspelarar og vart stoppa då Bjarg-keeper Mossestad felte han i feltet. Arierhi sette sjølv inn straffesparket, og Sogndal leidde for første gong: 3–2.
Med eit kvarter att kom Preben Asp inn for Vegard Hagen for å gi endå meir trøkk framover. Men åtte minutt før slutt kom utlikninga. Etter ein corner og fleire nærkampar i feltet stanga Morgan Ahmer inn 3–3 på kort hald.
Sogndal pressa på for vinnarmålet. Eitt minutt før full tid fekk kaptein Even Hovland ein stor sjanse på corner, men Mossestad fekk skrapt headingen av streken.
Alt vert avgjort i Bergen
Returkampen vert spela på Stavollen i Bergen laurdag 28. november kl. 13.00. Vinnaren av dei to kampane spelar i OBOS-ligaen i 2027.
No treng laget oss på bortefeltet. Bli med på bussturen frå Sogndal, eller fyll opp bilen med venner og familie og køyr saman til Bergen!
Les meir og meld deg på bussturen her
Billettinformasjon til kampen kjem.
Takk til alle som kom på Fosshaugane i dag. Over 3 000 i kulda – det betyr mykje for laget.
Sogndal (5-3-2): Lars Jendal – Vegard Hagen (Preben Asp, 75.), Mathias Øren, Even Hovland (k), Emil Lunde Hillestad (Fredrik Flo, 87.), Kasper Skaanes – Lukas Gausdal, Lukass Vapne (Jamal Haruna, 46.), Harald Woxen (Emmanuel Mensah, 87.) – Tuomas Pippola, Kparobo Arierhi
Mål:
0–1 Markus Eiane (7.)
1–1 Kparobo Arierhi (16.)
1–2 Markus Eiane (17.)
2–2 Harald Woxen (43.)
3–2 Kparobo Arierhi (64., straffe)
3–3 Morgan Ahmer (82.)
Tilskodarar: 3 105
Stao no pao!