Mats Wehn Skjeldestad teken ut på G16-landslaget
Endå ein Sogndal-spelar teken ut på landslagsoppdrag. Utviklingsavdelinga
Mats Wehn Skjeldestad (15) er for fyrste gong teken ut til G16-landslaget. Den unge sogndølen skal delta i Istria Youth Cup i Kroatia frå 28. september til 7. oktober.
Mats blir dermed den niande Sogndal-spelaren som reiser på landslagsoppdrag i dette internasjonale vindauget. For den unge forsvarsspelaren er uttaket ei fin anerkjenning av arbeidet han har lagt ned. Mats har spelt stadig meir for Sogndal 2 i år, som har imponert i 3. divisjon.
Mats har tidlegare vore teken ut på NFF si talentleir, som er fyrste steg i landslagssystemet. I fjor haust signerte han også kontrakt med Sogndal.
– Å bli teken ut på talentleir for fyrste gong var litt overraskande, men det var ei veldig god kjensle. Det gav meg ein stor motivasjonsboost til å jobbe vidare. Det er veldig kjekt å få trene og spele kampar med dei beste 2010-modellane i Noreg. Ein får testa seg på eit veldig høgt nivå, som ein ikkje får testa seg mot så altfor ofte, sa Mats då.
Me gratulerer Mats med uttaket, og som klubb er me stolte over å ha endå ein landslagsspelar!
G16-landslagstrenar Igor Aase har teke ut følgjande tropp til samlinga:
- Mads Barret-Olsen (Sarpsborg 08)
- Anders Fiskum Larsen (Viking)
- Malte Fismen (Åsane)
- Christian Åbø Flørenæs (Viking)
- Eirik Julius Granaas (Porto)
- Brage Berg Haugen (Brann)
- Gabriel Larsen Rajkovic (Vålerenga)
- Thomas Leikanger (Real Sociedad)
- Liam Luu (Rosenborg)
- Vetle Lysell (Kongsvinger)
- Ulrik Danbolt (Raufoss)
- Torjus Østervold Mellingen (Brann)
- Edvard Hendbukt Norgren (Kristiansund BK)
- Noah Gulbrandsen Pavel (Grorud)
- Adrian Konglevoll Thomsen (Brann)
- Lukas Martinsen Lisac (Fredrikstad)
- David Bakkane (Skeid)
- Levi Monsen Yeboah (Bodø/Glimt)
- Vebjørn Hoel (Tromsø)
- Mats Wehn Skjeldestad (Sogndal)
Kampprogram
Norge - Austerrike, 31. september kl. 15.30
Plasseringskamp, 3. oktober kl. 12.30 eller 15.30
Plasseringskamp, 6. oktober