Me fekk støtte til frivilligløftet

Tusen takk til Sparebanken Norge som gjer dette mogleg.

Ingen frivillige. Ingen Sogndal Fotball. Så enkelt er det.

Sogndal Fotball er heilt avhengig av dei mange frivillige som stiller opp, både i det daglege arbeidet og på kampdag.

Difor har me set i gang frivilligløftet. Under tysdagens utdeling av gåvemidlar frå Sparebanken Norge fekk me støtte til prosjektet.

Sparebanken Norge delte ut midlar til over 40 organisasjonar, frå song og musikk til idrett og fritidstilbod.

– Me er utruleg glade for at Sparebanken Norge ønskjer å vere med på prosjektet. Målet er å styrkje miljøet rundt dei frivillige i klubben og skape meir fellesskap, betre inkludering og auka stoltheit, seier Andreas Nydal, arrangement- og klubbkoordinator i Sogndal Fotball.

Det blir stadig meir krevjande å rekruttere og halde på frivillige. Samtidig er dei heilt avgjerande for å gjennomføre kampdagar og arrangement.

Difor set me no i gang konkrete tiltak for å gjere det meir attraktivt å vere frivillig i klubben:

Mål:

  • Auke trivsel og tilhøyrsle blant frivillige
  • Styrkje rekruttering og stabilitet
  • Skape inkluderande møteplassar på tvers av alder og bakgrunn
  • Bygge stoltheit rundt rolla som frivillig

Tiltak vil vere sosiale samlingar gjennom sesongen, felles klubbprofilbekledning for frivillige og andre tiltak for synleggjering av frivillig innsats.

Annonse fra Obos-ligaen: