
NM Runde 3: Kongsvinger er neste hinder på vegen mot Ullevaal!
Luis Pimenta sin tidlegare klubb er motstandar i 3. runde av cupen A-laget
Sogndal - Kongsvinger
-
Onsdag 7. mai kl. 19:00
-
Fosshaugane Campus
-
NM 2025 - Runde 3
Kampane kjem tett, og ingenting er betre når ein går frå siger til siger! Me gler oss til ein ny kamp allereie i morgon, og tek i mot Kongsvinger til 3. runde i cupen! Kjem du på kamp?
I dei to fyrste rundane har me gått vidare mot Volda og Sandviken. Emmanuel Mensah og Erik Flataker sikra avansement i 1. runde, medan Kasper Skaanes, Sander Granheim og Oliver Hintsa scora mot Sandviken. No er me klare for OBOS-motstand på Fosshaugadn, og skal gjere alt me kan for å komme oss til runde 4 av cupen!
Kongsvinger har fått ein god start på sesongen, og står med 10 poeng på dei 5 fyrste kampane i OBOS-ligaen. Sigrar mot Hødd, Moss og Skeid, uavgjort mot Åsane og tap mot Ranheim er status før dei kjem til Fosshaugadn. I cupen har dei fått ei enkel reise, og bøtta inn mål. Mot Ridabu ga dei seg ikkje før det stod 0-12, og mot Elverum vart det 2-7 siger.
Kongsvinger er laget i OBOS-ligaen som har scora flest mål til no, og det er ingen tvil om at kampane har vore underhaldande. Det har også vore mykje mål i våre kampar, så 0-0 verkar som eit lite sannsynleg resultat i morgon. Karadn lovar offensiv fotball, og gler seg til å underhalde publikum igjen!
Luis Pimenta har vore trenar for Kongsvinger tidlegare, og i 2016 tok han dei heilt til cupfinalen på Ullevaal. Målet er å klare det same med Sogndal, og då må ein slå Kongsvinger på vegen. Høyr kva hovudtrenaren vår sa etter dagens trening:
Jamal Haruna har levert gode prestasjonar dei siste kampane, og mot Mjøndalen var han delaktig i å halde nullen. Mot Sandviken fekk me sjå eit fantastisk innlegg på scoringa til Sander Granheim, og kanskje kan Jamal levere det same i morgon? Me tok ein prat med midtstopparen etter dagens trening:
Russebilletten
Me held fram kampanjen for russen gjennom heile russetida. Det er kjekt å sjå dykk på kamp, og me elskar å høyre stemninga saman med Saftkokaradn. Bruk promokoden russ25 for å sikre billett til berre 50kr! Ta med heile gjengen og start festen på Fosshaugadn!
.jpg)
Velkommen til Skraol
Skraol Pub held ope også i morgon, og me gler oss til å sjå dykk der. Gode samtalar og interessant innhald er den perfekte oppladninga til kamp. Me kan tilby noko godt å drikke, snacks og eksklusive intervju med trenarane i forkant av kampen. Ta turen innom og lad opp til kamp saman med oss! Skraol opnar kl. 17:00, og held ope fram til kampstart + i pausen. Etter kamp vil det ikkje vere ope denne gongen.
Hugs å kjøpe billett
Sesongkorta gjeld ikkje for cupen, som betyr at alle må kjøpe billett til kampen. Det er mogleg å kjøpe billett på ticketco, og me oppmodar alle om å kjøpe billett på førehand. Det er berre Sognekraft- og Lerumtribuna som er open til denne kampen, og alle billettar kostar 100,- eller 50,-.
Les meir billettinformasjon og kjøp billett her!
Me gler oss til å sjå dykk på kamp igjen, og håpar me kan ta oss vidare i cupen saman! Trykket frå tribuna er heilt avgjerande for at karadn skal prestere på sitt beste, og det har hjulpe oss til å vunne dei siste kampane! Ta med familie og venner, kjøp billett og kom på kamp!
STAO NO PAO!