Ny treningskamp!

Sogndal - Hødd, Fosshaugane Campus, Fredag 17/3 kl 13:30 Kampen blir ekstra lang: 45+45+45!

Med cup-exiten mot LSK i går, blir det treningskamp til helga. Då får me eit gjensyn med våre vener frå Ulsteinvik, divisjonskollega Hødd.

Les også: Mållaust i Sognahallen

Det vart ein jamn og fin kamp då me møtte dei i Sognahallen i januar. På fredag får me sjå korleis laga ligg an i høve til serieopninga om ein snau månad.

Det spesielle med fredagens kamp er at den blir ekstra lang: For at alle spelarane i troppane til begge lag skal få bra med speletid går den over tre omgangar á 45 minutt!

Det blir gratis inngang og enkel kiosk - og Sogn Avis skal streama kampen.

Treningskamp
Sogndal - Hødd
Fosshaugane Campus
Fredag 17. mars
Avspark 13:30


Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: