Nye år med Andreas

Konnerudguten har resignert avtalen

Sogndal Fotball og Andreas Hoven (f. 20/2 1998) har i dag signert ein ny avtale. Den nye avtalen strekkjer seg ut sesongen 2024.

- Dette er ei viktig resignering, og me er særs glade for at Andreas blir med oss vidare, seier Håvard Flo.

Andreas Hoven kom til Sogndal frå Stømsgodset i 2019 og er i dag blitt ein kontinuitetsbærar i klubben. Han står med 93 kampar og sju skåringar i Kvitedrakta.

- Eg er veldig nøgd med å signera denne avtalen, smiler Andreas.

God stemning og gode smil, Håvard Flo og Andreas Hoven
God stemning og gode smil, Håvard Flo og Andreas Hoven

- Gjennom desse åra har Andreas vore ein veldig lojal, dedikert og betydningsfull spelar, han er tvers gjennom profesjonell og ligg på eit høgt fysisk nivå, seier Flo.

- Fysikken kjem ikkje av seg sjølv. Eg har nok fått litt frå mamma og pappa, som begge dreiv med friidrett, og eg driv med eindel eigentrening både med teknikk og styrke, seier Andreas.

- Eg føler det er noko uoppgjort her i Saftbygda, me har eit potensiale som ikkje er forløyst, både når det gjeld laget og for meg personleg som spelar. Eg har veldig trua på Sogndal, og gler meg til nye år på Fosshaugane, smiler den sympatiske karen.

Andreas gler seg til to nye år i Sogndal
Andreas gler seg til to nye år i Sogndal

Gjennom tida han har vore her har han blitt brukt både i angrep, på midtbana og i forsvaret. Tanken er no at han skal spesialiserast meir på back-plassen.

- Gjennom sine perioder her har Andreas spelt i fleire posisjonar, men i det siste har han blitt meir og meir brukt som back, ei oppgåve han har løyst veldig bra, seier Flo.

- Eg trivast veldig godt i Sogndal og føler eg blir sett og satsa på her. Eg får mykje bra tilbakemeldinger på ting eg skal jobba med, slik som å bli råare éin mot éin, både offensivt og defensivt, seier karen frå Konnerud i Drammen.

- Drammen er framleis "heim" men Sogndal er blitt ein veldig god nummer to. Her har eg alt eg treng for å ha det bra, eg kan fokusera skikkeleg på fotballen med topp opplegg og fasilitetar.

Fosshaugane Campus blir Andreas sin heimebane ut sesongen 2024
Fosshaugane Campus blir Andreas sin heimebane ut sesongen 2024

- Me gler oss til å sjå Andreas i Kvitedrakta framover, og er trygge på at han vil gi alt for klubben, avsluttar Håvard Flo.

Og Andreas sjølv har eit brennande ønskje om å få vera med på å ta Sogndal tilbake til Eliteserien.

- Noko av det kjekkaste eg har vore med på her var kampen mot Brann i Bergen. Det var høg temperatur både på bana og tribuna, og eg har veldig lyst til å spela fleire slike kampar med Sogndal. Og då må me rykka opp. Eg har alltid eit mål om opprykk, avsluttar Andreas.

Andreas H 22b.jpg
Andreas håpar på mykje moro og skåringsjubel i lag med Alejandro Diaz og kompani i dei neste to åra.

 

 

Annonse fra Obos-ligaen: