ODD - SOGNDAL

Skagerak Arena, avspark klokka 18.00

Me er framme ved runde 18 av Eliteserien 2017.

Klokka 18.00 brakar det laust på Skagerak Arena: Odd - Sogndal.

Sidan sist har nokre reist frå oss, og andre har slutta seg til gruppa. Det er ikkje usannsynleg at me får sjå debutantar for Sogndal på kunstgraset i Skien. Det er berre elleve att i dagens kamptropp som var med til Stavanger for nokre veker sidan.

Dette er dagens kamptropp:
Mathias Dyngeland, Tarjei Omenås, Taijo Teniste, Reiss Greenidge, Per Magnus Steiring, Ulrik Fredriksen, Ole Martin Rindarøy, Victor Grodås, Tomas Totland, Eirik Birkelund, Gilbert Koomson, Joachim Soltvedt, Chidiebere Nwakali, Markus Brændsrød, Eirik Schulze, Bendik Bye, Johan Hove og Martin Ramsland. 

Er du i Skiensområdet, er det veldig kjekt om du tek turen og støttar karane. Her er litt info for deg som bortesupportar på Skagerak Arena, med link til billettsal. 

Les om før kampen på Odd sine heimesider.

Vêret her i Grenlandsområdet er ganske sommarleg med god temperatur. Det er flotte forhold for fotball, og under kampen er det meldt solskin, lettskya og i overkant av 20 grader.

Les også: Før Avspark.

Odd - Sogndal
Skagerak Arena
Avspark klokka 18.00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: