
Sander Granheim er månadens unge spelar i mai!
Sander Granheim har blitt kåra til månadens unge spelar i OBOS-ligaen! A-laget
Sander Granheim, f. 15. august 2007, er månadens spelar i OBOS-ligaen i mai! Midtstopparen frå Sandane har fått ein fantastisk start på sesongen og etablert seg i startellevaren på rekordtid. Prestasjonane i mai har no gjort at ein jury beståande av Norsk Toppfotball og TV2 har kåra han til den beste unge spelaren i OBOS-ligaen i løpet av månaden.
Følgjande grunngjeving var vedlagt prisen:
- Midtstopparen har hatt ein imponerende utvikling for Sogndal i sesongopninga og tar stadig nye steg. Det 17 år gamle stortalentet har nyleg blitt tatt ut til G18-landslaget og har vore ein viktig bidragsytar til Sogndal sine sterke resultat i mai. En jury bestående av Norsk Toppfotball og TV 2 kårer Sander Granheim til månedens unge spiller i OBOS-ligaen for mai.

Sander fekk prisen av Luis Pimenta på kampmøtet før kampen mot Skeid. Sjå video frå utdelinga her:
Dette betyr at spelarar frå Sogndal Fotball har vunne pris for månadens unge spelar to gonger på rad. Erik Flataker fekk den same prisen i april, og dette er eit tydeleg signal om at arbeidet med våre unge talent gir resultat. Det er ein stor klapp på skuldra til både utviklingsavdelinga, men også trenarteamet på A-laget som gir tillit og moglegheiter til dei unge talenta våre.
Erik Flataker er månadens unge spelar i april!
No gler me oss til kampen mot Lyn og publikumsfest! Sikre deg billett og bli med på å lage ei fantastisk ramme rundt kampen! Dette er siste heimekamp før sommarferien, og det blir lenge til neste sjanse!
STAO NO PAO!