Sebastian Pedersen er selt til Orlando Pirates

Sebastian tek fatt på eit nytt kapittel i Sør-Afrika.

Etter halvanna sesong i kvitt og svart fortset Sebastian Pedersen (27) karrieren i ein av dei største klubbane på det afrikanske kontinentet.

Den hardtarbeidande spissen er selt til Orlando Pirates.

– Dette kjennest som ein sjanse ein kanskje berre får éin gong i livet. Det er ein så stor klubb at eg ikkje kunne la vere å gripe moglegheita då ho kom. I starten var eg litt skeptisk, men jo meir eg har sett meg inn i klubben og livet i Sør-Afrika, desto meir lyst har eg fått. Eg er veldig takksam for at Sogndal kom til einigheit med Orlando Pirates, seier Sebastian.

Sebastian jublar mot Egersund.
Sebastian jublar mot Egersund.

Orlando Pirates vann ligaen i Sør-Afrika i fjor. Dei har ei enorm supporterskare og spelar på ein stadion med plass til 37 000 tilskodarar.

– Dette er ei fin moglegheit for Sebastian. Han har gitt uttrykk for at dette var eit spennande steg han gjerne ville ta dersom me fann ei løysing som fungerte for alle partar. Samtidig har Sogndal behov for å ha fokus på økonomien, og me er ein klubb som utviklar og sel spelarar vidare, seier Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk.

– Eg har hatt det utruleg bra i Sogndal. Frå første sekund har eg kjent meg velkomen, og bygda tok godt imot meg. Det har vore ein fantastisk plass å vere, både på og utanfor bana. Eg sit att med mange gode minne og er takksam for tida mi her, seier Sebastian.

Me gjer nok ein internasjonal overgang. Det må seiast å vere ei fjør i hatten for alle oss i Sogndal.

— Håvard Flo

Moglegheit

Sebastian kom til Sogndal før 2025-sesongen og har vore ein viktig spelar for laget. På halvanna sesong vart det 21 skåringar for lysluggen, som markerte seg med høg arbeidskapasitet og eit brennande engasjement kvar gong han tok på seg drakta.

– Det er trist å miste Sebastian. Han er ein fantastisk fin kar og har vore ein viktig bidragsytar sidan han kom til klubben. Han har levert godt på bana og vore ein viktig person i garderoben, seier Flo.

Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk
Håvard Flo, ansvarleg for spelarlogistikk

– Me veit at me påtek oss ei viss sårbarheit ved å selje Sebastian no, men det er ein del av fotballen. Me må sjå dette som ei positiv utfordring. Det blir vanskeleg å erstatte han på kort sikt, men me skal jobbe for å gjenskape kvalitetane hans eller rekruttere nye spelarar i denne rolla, seier Flo.

Samstundes peikar han på at fleire spelarar no får sjansen til å ta ansvar.

– Dette er også ei god moglegheit for både Onni og Preben til å ta opp hansken og vise seg fram, seier Flo.

Fjør i hatten

På grunn av overgangen var Pedersen utilgjengeleg i gårsdagens kamp mot Ranheim. Då fekk Onni Helén og Tuomas Pippola sjansen på topp frå start. Helén var nær skåring, medan Pippola utlikna til 2–2 og skaffa straffespark. Innbyttar Preben Asp sette inn 3–2 på overtid med si første skåring for sesongen.

Dette er også ei god moglegheit for både Onni og Preben til å ta opp hansken og vise seg fram

— Håvard Flo
Overgangen til Pedersen er nok eit døme på at spelarar frå Sogndal blir attraktive for større klubbar internasjonalt. Tidlegare i sommar vart Oliver Hintsa selt til Dinamo București. 

– Me gjer nok ein internasjonal overgang. Det må seiast å vere ei fjør i hatten for alle oss i Sogndal. Orlando Pirates er ein stor klubb og ein toppklubb i Sør-Afrika. Dette sender også eit signal til spelarar der ute om at Sogndal er ein plass som skaper moglegheiter, seier Flo.

Han meiner salet stadfestar arbeidet klubben gjer kvar dag.

– Me ønskjer å utvikle spelarar slik at dei kan ta nye steg i karrieren. Når spelarar blir selt til internasjonale klubbar, viser det at arbeidet som blir gjort i Sogndal held høgt nivå.

Sebastian saman med gårsdagens målskårar, Preben Asp.
Sebastian saman med gårsdagens målskårar, Preben Asp.

Takk for innsatsen

Sebastian Pedersen etterlet seg sterke spor etter halvanna år i Sogndal. Med 21 mål, kompromisslaus innsats og ei haldning som gjorde han populær både blant lagkameratar og supportarar, har han vore ein viktig del av laget.

Utanfor bana har han vist seg som ein triveleg og omsorgsfull person som har betydd mykje for miljøet i garderoben.

No ventar eit nytt eventyr i Johannesburg.

Me takkar Sebastian for innsatsen i kvitt og svart, og ønskjer han lukke til vidare i Orlando Pirates.

STAO NO PAO

 

Annonse fra Obos-ligaen: