Sesongoppkøyringa 2023
Oversikt over kampar fram mot seriestart
Karane er godt i gang med trening etter ferien, og no startar me óg opp med treningskampar.
Det er enno langt fram mot seriestart. Før me barkar i hop med KFUM 10. april skal me spela ti kampar, derav minst ein er offisiell, då som cupkamp mot Lillestrøm
Her ligg terminlista der også treningskampane er med - lista vil bli oppdatert fortløpande om det skjer endringar, slik det som regel gjer i denne fasen av sesongen.
Her vil me fortløpande oppdatera med resultata frå kampane.
Slik såg det ut då karane hadde årets første fellesøkt.
Her er førebels oppdatert liste over kampane inn mot seriestart:
- 21/1 kl. 16:00 Sogndal - Florø 9-0
- 28/1 kl 14:00: Sogndal - Hødd 0-0
- 6/2 kl. 15:00 Sogndal - Aalborg 3-5 (i Spania)
- 11/2 kl 15:00: Sogndal - Silkeborg 2-3 (i Spania)
- 25/2 kl 13:00 Aalesund - Sogndal på Color Line Stadion i Ålesund
- 28/2 kl 18:00 Sogndal - Førde i Sognahallen
- 4/3 kl 13:00 Åsane - Sogndal på Åsane Arena
- 12/3 kl 17:00 Sogndal - Lillestrøm på Fosshaugane Campus (4. runde i cupen)
- 18-19/3: Kvartfinale i cupen eller treningskamp
- 26/3 kl 14:00 Sogndal - Raufoss går på Blåbærmyra i Fagernes, men om vêret er for gale går den i Valdres Storhall
- 2/4 kl 16:00 Brann - Sogndal på Åsane Arena
