
Bli med på "Vegen til Ullevaal"!
Billettsalet til 4. runde i NM mot Lillestrøm 12. mars er opna
Klokka 09:00 opna billettsalet til årets første offisielle kamp:
4. runde i NM - Sogndal-Lillestrøm, søndag 12. mars klokka 17:00
Me må faktisk heilt attende til juni i fjor for å finna kampen då me tok oss vidare i cupen.
På Ekebergssletta vart 3. rundekampen mot KFUM avslutta på høgdramatisk vis då Renze Fij redda den siste og avgjerande straffa på stillinga 4-5 i favør av Sogndal.
I august i fjor trakk me Lillestrøm som motstandar til 4. runde, og den kampen går altså på Fosshaugane Campus den 12. mars.
Dei med sesongkort for 2023 kan nytta dette til kampen mot Lillestrøm. I år inkluderer me alle NM-kampar i seongkortet. Kjøp sesongkort her
Klikk her for å kjøpa billett til kampen
Stao no pao!!