Sogndal - Lillestrøm

Fosshaugane Campus, Avspark klokka 20:00

Det er litt av ein godbit me har i vente på Fosshaugane i kveld!

Sogndal – Lillestrøm! Avspark klokka 20:00, det er haust og toppkamp i OBOS-ligaen! For ein fotballfest det blir når me byr opp ein av dei aller største i norsk fotball til dans!

Då me spelte mot Lillestrøm sist, slo karane til med ein sterk 2-0 siger på Åråsen. Me har planar om å gjera det like kjekt på Fosshaugane i kveld! Slik såg det ut då me møtte dei på Åråsen tidlegare i sommar



Det skulle vore full rulle på alle åtte arenaer i OBOS-ligaen i dag i den 25. runden. Men koronapandemien har råka oss på nytt. Grorud og Stjørdals-Blink må i karantene, difor er kampane Grorud – Strømmen og Sandnes Ulf – Stjørdals-Blink utsatt.

Elles går runden som oppsatt med mange spennande oppgjer.

Les også: RETRO-JON FØR KAMPEN
Slik gjekk det i runde 24 av OBOS-ligaen

Og før dagens kampar har me denne tabellen



På treningsfeltet er det fleire og fleire som er tilbake etter skade. Det er ein spelesugen og munter gjeng som skal utpå kunstgraset i kveld! Det var ein skuffa og småirritert gjeng som reiste heim frå kampen mot Strømmen på søndag. På treninga i går var det gode smilet tilbake, og kommentarane satt laust.

Sidan sist har Lillestrøm funne ut av dette med OBOS-ligaen og klatra jamnt og trutt på tabellen. I går kom dei óg med ein ny signering! Dei har børsta støvet av Frode Kippe for å sikra eit opprykk. Våre karar har tenkt å vera eit solid hinder for Fuglane, alle poenga blir att i Saftbygda!  


Me gler oss veldig til denne kampen! Det skal bli bånn gass, full innsats og mykje moro på Fosshaugane i kveld!

Runde 25 av OBOS-ligaen 2020
Sogndal – Lillestrøm
Fosshaugane Campus
Avspark klokka 20:00

Stao no pao!!

Annonse fra Obos-ligaen: