Van der Spa på utlån

Andreas blir i Arendal ut sesongen

Sogndal Fotball og Arendal Fotball er samde om ein utlånsavtale for Andreas Van der Spa.

Avtalen strekkjer seg ut sesongen 2021, og kjem under Nasjonal Utlånsordning for spelarar i alderen 18-22 år. Les meir om dette her.

Andreas kom til oss midt i sesongen i fjor frå Øygarden, men det vart begrensa med speletid for den unge karen frå Bodø, og han vil no få sjansen til å få bra med speletid i ein god klubb i PostNord-ligaen.

Van der Spa står med ni kampar i Kvitedrakta så langt

Les også: Andreas Van der Spa er på plass

- I Arendal vil vil Andreas kome inn i ein god kampkvardag der han får spelt viktige kampar i ein god liga, dette vil utvikla han vidare, seier Håvard Flo, som kjenner Arendal godt.

I Arendal vil Andreas ha Roger Risholt som hovudtrenar. I trenarteamet kan me óg finna sogndølen Bjørge Fedje, som står med ni kampar i keeperdrakta vår, og den gamle storspelaren Tommy Svindal Larsen.

Me ynskjer Andreas lukke til på Sørlandet, og ser fram til at han kjem tilbake til oss.

Annonse fra Obos-ligaen: