
Veke 41
Oversikt over treningane denne veka
Karane drog til med ein skikkeleg kalas-siger over Stjørdals-Blink i går, og med 6-1 i banken går Alejandro Diaz og kompani inn i den nye veka med god energi.
I dag møttest karane til restitusjonstrening klokka 12, og det vanka óg massasje frå sjølvaste Øyvind Brennset etter trening for dei som hadde ønskje om dette.
På søndag klokka 14:00 er det ny kamp, då står Grorud i Oslo for tur. Fram mot den kampen har trenarteamet lagt opp denne veka (det kan oppstå endringar):
Tysdag
Frukost 09:30
Trening 10:30
Lunsj 12:30
Onsdag
Trening 18:00
Torsdag
Fri
Fredag
Frukost 09:30
Trening 10:30
Lunsj 12:30
Laurdag
Trening før avreise til Oslo
Søndag
Kamp mot Grorud kl. 14:00