Velkommen til årets fyrste trening!
A-laget og Luis Pimenta byrjar oppkøyringa denne veka!
Ferien er over og kalenderen viser oss at 2025 er godt i gang! Det er framleis lenge til seriestart, men endeleg skal me i gang med oppkøyringa til ein ny sesong! Me ønskjer velkommen til årets fyrste trening!
Vår nye hovudtrenar, Luis Pimenta, samlar karadn denne veka og fyrste trening går i Sognahallen torsdag 9. januar kl. 11:00. Me ønskjer supportarar, samarbeidspartnarar og presse velkommen!
Bli betre kjend med Luis Pimenta!
Luis Pimenta og spelarane er tilgjengeleg for intervju i etterkant av treninga. Meld inn intervjuønskjer til Martin Salbu på førehand.
Me ønskjer velkommen til årets fyrste trening!
STAO NO PAO!