Vil du vere med bak kulissane på kampdag?

Sogndal Fotball ser etter ein frivillig medieansvarleg som vil vere ein del av arrangementsteamet på våre heimekampar på Fosshaugane Campus.

Som medieansvarleg er du bindeleddet mellom klubben, media og TV-produksjonen på kampdag. Du bidreg til at journalistar, fotografar og TV-team får gode arbeidsforhold, og at mediehandteringa rundt kampen går smidig. 

Oppgåver på kampdag 

  • ta imot og akkreditere media 
  • dele ut akkreditering og fotovestar 
  • vise presse til rett arbeidsområde 
  • koordinere med TV-produksjonen ved behov 
  • bidra til at mixed zone fungerer etter kamp 

Du treng ikkje erfaring frå før – me sørgjer for opplæring. 

Vil du vere med? 

Dette er ei fin rolle for deg som er interessert i fotball, media eller arrangement – og som vil vere med og bidra til gode kampopplevingar på Fosshaugane Campus. 

Ta kontakt med Sogndal Fotball om du vil vite meir eller melde di interesse:
[email protected]
Tlf. 926 01 421

Annonse fra Obos-ligaen: