Bakke før kvalik: – Ein del av det å vere i Sogndal
Søndag kl. 13.00 tek Sogndal imot Bjarg på Fosshaugane Campus i den første av to kvalikkampar om plassen i OBOS-ligaen. Hovudtrenar Eirik Bakke har stått i slike kampar før. A-laget
– Desse kampane er alltid spesielle. Eg har spelt mange slike kampar sjølv i Sogndal, så det er ein del av det å vere i Sogndal å spele viktige kampar i november. Det handlar om å nyte det, seier Bakke.

Etter to veker utan kamp kjenner han at det byggjer seg opp.
– Eg gler meg til kamp. Endeleg kamp att, no er det to veker sidan Hødd-kampen. Gutane er på veg tilbake frå landslagsopphald, og me ser at energien er god på trening.
– Me har vore solide heime og bygger på det. Me møter eit veldig godt Bjarg-lag, så me veit at me må vere på vårt beste for å vinne, seier Bakke.
Dette må du vite om kampen
BILLETTAR
Gratis inngang med Sogndal-drakt eller -skjerf. Du får billett ved inngangsporten.
Vanlege billettar kostar 100 kroner for vaksne og 50 kroner for born. Dei kan kjøpast her eller i billettbui i Svingenbygget.
SESONGKORT
Har du sesongkort, gjeld det òg for kvalikkampen mot Bjarg. Ta med kortet eller billetten på mobilen.
FOLKELOSJE
Sognekraft, Sognenett og Sygnir inviterer kundane sine til gratis folkelosje med pizza frå kl. 11.30, 2. etasje, felt H og I. Bestill med promokoden «Sognekraft2026» her innan 19. november kl. 12.00.
Folkelosjen er fullteikna!
FAMILIE/JUNIORSVINGEN
Ta med borna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her vert det teikning, perling, brettspel og mykje moro.
Før kampstart får borna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake – eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.
STUDENTAR
Studentar kjem gratis inn på Saftkokarfeltet! Bruk promokoden «kokarstudent» på TicketCo. Hugs studentbevis på kampen.
SENIORKLUBBEN
Møt opp ein time før kampstart i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det vert servert kaffi og vaflar.
På programmet står Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.
SKRAOL
Start kampdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og høve til å møte andre supportarar.
Med god stemning og litt å bite i ladar me opp til kamp.
Skraol opnar to timar før kampstart og stengjer ein time etter kampslutt.
SOGNDALBUI
Supportarbutikken vår held ope frå to timar før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. 30–50 % rabatt på mange varer! Du finn Sogndalbui i Sognekraftgata.
Sjå også sogndalbui.no.
BORTESUPPORTARAR
Informasjon for bortesupportarar:
https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar
STAO NO PAO!
Kjenner kvarandre frå cupen
Laga har møtst før. I første runde av cupen i fjor slo Bjarg ut Sogndal, og seinare i same cupen vann bergensarane 6–1 over Stabæk.
Bjarg rykte opp frå 3. divisjon i 2025 og enda på andreplass i avdelinga si i 2. divisjon i år. I kvalifiseringa slo dei ut Kjelsås 5–2 samanlagt.
Kasper Skaanes ventar at Bjarg kjem for å spele.
– Eg forventar eit offensivt lag som går for det. Eg føler at det kjenneteiknar dei, med trøkk og gode på ball. Då handlar det for oss om å matche det og vise at me kjem frå ein divisjon over, og forhåpentlegvis med eit tempo dei ikkje er så vane med, seier Skaanes.
– Me skal i alle fall gå ut og angripe kampen og prøve å vise oss frå vår beste side.
– Me gler oss
Kaptein Even Hovland meiner laget har meir å gå på enn det dei viste i serieavslutninga.
– Me har planar om å levere ei betre oppvising enn den me hadde mot Hødd. Me har fått trent godt, og no legg me ein plan dei neste dagane for korleis me skal ta for oss Bjarg.
Han håpar supporterane stiller opp like godt som sist.
– Det vert spennande. Me gler oss og ser fram til ny kamp her, og forhåpentlegvis kjem det mykje folk og støttar oss som sist, seier Hovland.
Gratis inngang med drakt eller skjerf
Kom i Sogndal-drakt eller -skjerf, så kjem du gratis inn. Billetten får du i porten.
Har du verken drakt eller skjerf, kostar billetten 100 kroner for vaksne og 50 kroner for born. Sesongkortet gjeld òg for kvalikkampen, og studentar kjem gratis inn på Saftkokarfeltet med promokoden «kokarstudent».

Returkampen i Bergen
Returkampen vert spela på Stavollen i Bergen laurdag 28. november kl. 13.00. Me har sett opp buss til kampen: Les meir og meld deg på her.
Me gler oss til å sjå deg på tribuna.
Stao no pao!



