Daniel er med ut 2025

Ny avtale skriven med keepertalentet

Sogndal Fotball og Daniel Gjerde Sætren (f. 2/4 2006) har signert ein avtale som strekkjer seg til og med 30/11 2025.

- Me er særs nøgde med å få denne avtalen på plass, då Daniel er ein me ønskjer å ha med i eit lenger perspektiv. Med denne avtalen legg me til rette for Daniel sin vidare utvikling, og han kan  ha fokus på skule og fotball i tida som kjem, seier Håvard Flo.

Daniel skreiv sin første kontrakt med Sogndal Fotball i januar i år, og har kome godt inn i gjengen. Så godt at lagkameratane nominerte han til MOT-prisen 2022

Daniel Gjerde Sætren og Håvard Flo
Daniel Gjerde Sætren og Håvard Flo

På bana har han óg gjort sakene sine veldig bra i år. Då Renze Fij fekk eit skadeavbrot, steppa Daniel inn og tok oppgåvene på strak arm. Han står med seks kampar i OBOS-ligaen, to kampar i NM, samt ei rekkje kampar for Sogndal 2, NG18 og NG16 denne sesongen. Med flagget på brystet har han vore i aksjon ni kampar i år år, og står allereie med fjorten landskampar tilsaman på G15 og G16.

Daniel tok godt vare på sjansen då han vart kasta inn i OBOS-ligaen i Renze Fij sitt skadeavbrekk.
Daniel tok godt vare på sjansen då han vart kasta inn i OBOS-ligaen i Renze Fij sitt skadeavbrekk.

- Dette har vore eit bra år for meg. Eg har kjent på meistring gjennom gode prestasjonar og levert eit godt debutår i klubben. Eg føler at eg har tatt store steg både som keeper og person gjennom året, seier ein glad Daniel etter at han signerte avtalen.

Han trivst godt i keepergruppa.

- Geir Stenehjem er ein veldig god og dedikert keepertrenar som legg ned ein enorm innsats for at me skal bli best mogleg. Renze er ein veldig fin rollemodell og ein som kjem med gode råd og tips, og Jørgen held humøret oppe i gjengen gjennom dei harde øktene. Me er ei fin gruppe, seier Daniel.

Sportssjef Terje Skjeldestad veit kva som skal til for å bli ein god keeper, og peiker på at Daniel har alle føresetnader for å lukkast. Men:

- No er det heilt opp til han sjølv! Han har vist at han er ein god keeper, no må han ta utviklinga vidare og visa at han er ein stabilt god keeper. Denne guten kan nå så langt han sjølv vil, men han har ein stor jobb i vente, og han skal gjera den jobben kvar einaste dag, seier Terje, og legg til at han har stor tru på Daniel.

Håvard Flo ser mykje bra i keeperen frå Svelgen.

- Dette er ei viktig resignering på ein spelar som var på veg inn i sitt siste kontraktsår, samstundes som han viser særs god utikling, så dette er bra, avsluttar Håvard Flo.

Me gler oss til gode år i lag med Daniel!

Annonse fra Obos-ligaen: