Før runde 22: – Me skal gje alt for den kvite drakta
Eirik Bakke held fram som hovudtrenar. Dette tenkjer han før Sogndal - Strømmen. A-laget
Det har skjedd mykje på Fosshaugane denne veka:
- Det er klart at Eirik Bakke held fram som hovudtrenar ut sesongen.
- Midtbanetalentet Harald Woxen har kome på lån frå Lillestrøm.
- Fredrik Flo har gjort comeback.
Og søndag ventar Strømmen til ein viktig kamp mellom to lag som ligg tett på tabellen.
Dette skjer på kampdag
BILLETTAR
Billettar kan kjøpast her eller i billettbui.
OBS! Billettbui er flytta tilbake til Svingen-bygget.
FAMILIE/JUNIORSVINGEN
Ta med barna på familietribuna og innom leikerommet vårt! Her blir det teikning, perling, brettspel og mykje moro.
Før kampstart får barna springe ei runde rundt midtsirkelen og tilbake – eit skikkeleg høgdepunkt for dei minste.
STUDENT
Studentane kjem inn for berre 30 kroner. Bruk promokode student26 på TicketCo. Ta med studentbevis på kamp.
SENIORKLUBBEN
Møt opp ein time før kamp i lokala til Seniorklubben ved sida av Skraol. Det blir servert kaffi og vaflar.
Program: Jon sitt hjørne. Deretter går me inn i Skraol og høyrer på trenarane. Ta gjerne med ein ven eller to.
SKRAOL
Start fotballdagen på samlingsplassen Skraol! Her får du spennande tilbakeblikk på tidlegare oppgjer, ferske intervju med trenarane og god stemning saman med andre supportarar. Perfekt opplading før avspark. God stemning og litt snacks, så er me klare når det brakar laus ute på bana. Skraol opnar to timar før kampstart og stengjer ein time etter kampslutt.
SOGNDALBUI
Vårt supportershop held ope frå ein time før kampstart, i pausen og ein halvtime etter kampslutt. Sogndalbui finn du i Sognekraftgata.
BORTEFANS
Sjå: https://www.sogndalfotball.no/billettar/bortesupportar
🤍 STAO NO PAO 🖤

– Eg tenkjer akkurat som eg har gjort heile vegen. Me tek ein kamp om gongen. No handlar alt om å finne den beste måten å slå Strømmen på, seier hovudtrenar Eirik Bakke etter trening torsdag, og legg til:
– Det er mykje som har skjedd rundt laget, men spelerane har vore veldig påskudd på treningsfeltet og hatt fokus på det dei kan gjere noe med. Støyen som har vore rundt har dei greid å legge vekk. So er det sikkert fint å vite kven som trenar laget ut sesongen, seier Eirik Bakke.
Samtidig mobiliserer næringslivet til kampen på søndag. Gjennom ein stafettaksjon kjøper lokale bedrifter 12 billettar kvar, som blir delte ut gjennom konkurransar i sosiale medium.
PS! Til denne kampen kan du òg kjøpe Wattn-billetten.
Wattn-billetten
Er du kunde hjå Wattn?
Då kan du sikre deg Wattn-billetten til kampen mot Strømmen og få ein god rabatt på kampbilletten.
Det er eit avgrensa tal billettar, så ver rask. Wattn-kundar har fått ein promokode på e-post. Bruk koden og sikre deg plass på sjølvaste Sognekrafttribuna.
– Støtta frå dei som har vore på Fosshaugane den siste tida har vore veldig bra, anten det har vore 1000 eller fleire på tribunen. Me har kjent at me har hatt publikum i ryggen, og det kjem til å bli viktig også framover, seier Bakke.
Sogndal går inn i hausten med ein klar ambisjon om å klatre på tabellen.
– Me er i ein situasjon der me må jobbe oss oppover att. Det einaste som hjelper då, er å arbeide knallhardt kvar dag for den kvite drakta. Det er det me skal gjere, seier han.
Og bodskapen før søndagens kamp er klinkande klar:
– Me gler oss til søndag, og me skal passe på at Strømmen reiser heim att med null poeng.
